Skjønnlitteratur

Ein lykkeleg slutt: roman

Omsett frå dansk av Ingvild Holvik

«Forfattaren byr på ei familiesoge av den mest bisarre, morosame, vemmelege, sjokkerande, fargesterke og opplysande sorten [...] For lesarar med sterk mage er det berre å setja hjørnetennene i denne rå romanen»
— May Grethe Lerum, Bok365
Skjebnen, døden og kjærleiken. Maren Uthaug fortel med grotesk humor om døden i alle slags fasettar - om epidemiar, nekrofili og spøkelse og om gravferdsritual og nyvinningar i bransjen. «Ein lykkeleg slutt» er ein fantasifull slektsroman som rommar 200 år med kulturhistorie om døden og minst sju kjærleikshistorier, og viser korleis nokon kan slå seg opp på andre si ulykke. Omsett frå dansk av Ingvild Holvik. Sagt om «Ein lykkeleg slutt»: Terningkast 5: «Forfattaren byr på ei familiesoge av den mest bisarre, morosame, vemmelege, sjokkerande, fargesterke og opplysande sorten» - May Grethe Lerum, Bok365 «ei original og makabert morosam slektskrønike» - Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen «Et frodig fortellertalent slår til igjen.» - Ole Jacob Hoel, Adresseavisen «ein sjarmerande utemd roman» - Margunn Vikingstad, Morgenbladet «Du har garantert ikkje lese noko liknande.» - Rolv Nøtvik Jakobsen, Vårt Land
249,00 kr
Sider
375
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234007668
Meldingar

Sagt om boka

9 omtaler

«Maren Uthaugs dykk ned i dette dødsriket er grundig, grotesk og vel verdt å få med seg.»

— Inger Bentzrud, Dagbladet

«[En] smakløs og utemmet roman som nesten er dødsbra.»

— Gabriel Michael Vosgraff Moro, VG

«Et frodig fortellertalent slår til igjen.»

— Ole Jacob Hoel, Adresseavisen

«Blixen på nattklubb: «Ein lykkeleg slutt» er internasjonal forteljekunst av beste merke [...] Maren Uthaug har skrive ein fabelaktig slektsroman med døden som knagg . Du har garantert ikkje lese noko liknande.»

— Rolv Nøtvik Jakobsen, Vårt Land

«[R]esultatet er spennande, ekkelt og tankevekkjande. Ja, og lærerikt. Meir kan ein ikkje krevje.»

— Marta Norheim, NRK

«'Ein lykkeleg slutt' [er] et solid skrevet stykke underholdningsroman»

— Even Teistung, Klassekampen

«ei original og makabert morosam slektskrønike [...] skriven med godt driv og tett mellom spaningstoppane [...] eit slags barokt eventyr for vaksne [...] ei særs underhaldande bok.»

— Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen

«Med kompromisslaus vilje til å konfrontera tabu og energisk stil vil ho garantert vinna eit stort publikum også i Noreg»

— Sofie Braut, Stavanger Aftenblad

«Å skrive om døden med både innsikt og litterær kløkt slik Uthaug gjer, er ikkje for gud og kvarmann. [...] Ein lykkeleg slutt er ein sjarmerande utemd roman.»

— Margunn Vikingstad, Morgenbladet

Maren Uthaug
Om forfattaren

Maren Uthaug

Maren Uthaug (f. 1972) er halvt samisk, med røter på Trøndelagskysten og i Kautokeino, og flytta til Danmark som åtteåring. Ho har gitt ut ei rekke satiriske teikneseriebøker og teiknar den daglege stripa i Politikens kulturseksjon. I 2013 debuterte ho som romanforfattar og har sidan mottatt DR Romanprisen, Otto B. Lindhardt Prisen og Læsernes Bogpris og De Gyldne Laurbær. 88 % er den femte romanen hennar.


Fleire foto av Maren Uthaug:


Foto: Simon Klein-Knudsen




Foto: Thomas Howalt Andersen