Dikt i samling
InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Dikt i samling

«Dikt i samling» er ei fantastisk gåve til alle som set pris på stor litteratur, og for alle Hauge-fans er boka obligatorisk i bokhylla. Hauge tok utgangspunkt i bygdelivet og naturen på den eine sida og ein omfattande interesse for internasjonal litteratur på den andre. Hos Hauge går litteraturen og kvardagen i hop. Det er kanskje det som har gjort han til ein av våre mest folkekjære lyrikarar. I «Dikt i samling» finn du Hauges dikt frå dei sju diktsamlingane han gav ut mens han levde, saman med ei rad nye dikt, som han kalla Janglestrå, som vart fletta inn i samleutgåvene frå 1980 og framover.
429,00 kr
Sider
399
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234003561
Olav H. Hauge
Om forfattaren

Olav H. Hauge

Olav H. Hauge (1908–1994) er den fremste norske lyrikaren i etterkrigstida og var både klassisist og modernist. Han debuterte som forfattar i 1946.

Gartnaren frå Ulvik kalla seg gjerne sjølv ein vanleg arbeidsmann. I norsk bokheim vart han ein uvanleg arbeidar, ruvande som arvtakar og som nydyrkar. Frå heimen på Rossvoll skaffa han seg vidt utsyn og store kunnskapar. Han gav ut fleire samlingar med gjendiktingar av engelsk, fransk og tysk lyrikk. Hans eigne dikt har også nådd langt ut i verda, og gjendiktingane er komne på eit kvart hundre språk.

Olav H. Hauge var både klassisist og modernist; han kjende og brukte mange strofeformer og poetiske verkemiddel. Nettopp den veldige spennvidda mellom korthogne strofer og formfullenda sonettar har hatt ein eineståande appell på tvers av generasjonane. Den folkekjære diktaren er særleg kjent for kjærleiksdikta sine.