Dagbok 1924-1994. Bd. 1-5
Produkt som inneheld fleire enkeltproduktFleire format

Verk

Dagbok 1924-1994. Bd. 1-5

I 84 hefte, frå mars 1924 då han var 15 1/2 år til mai 1994 førte Olav H. Hauge dagbok. Han skreiv om litteratur, men refleksjonane om poesi spesielt og dikting og diktarar generelt, er iblanda små og store hendingar frå kvardags- og arbeidsliv, tankar om folk i Ulvik, Hardanger og dei han elles møter kring i landet, om vêret, landskapet, språket, reiser i inn- og utland, politiske hendingar på riks- og lokalplan. Namneregisteret står i band 5.
2.499,00 kr
Utgivingsår
2000
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252155181
Olav H. Hauge
Om forfattaren

Olav H. Hauge

Olav H. Hauge (1908–1994) er den fremste norske lyrikaren i etterkrigstida og var både klassisist og modernist. Han debuterte som forfattar i 1946.

Gartnaren frå Ulvik kalla seg gjerne sjølv ein vanleg arbeidsmann. I norsk bokheim vart han ein uvanleg arbeidar, ruvande som arvtakar og som nydyrkar. Frå heimen på Rossvoll skaffa han seg vidt utsyn og store kunnskapar. Han gav ut fleire samlingar med gjendiktingar av engelsk, fransk og tysk lyrikk. Hans eigne dikt har også nådd langt ut i verda, og gjendiktingane er komne på eit kvart hundre språk.

Olav H. Hauge var både klassisist og modernist; han kjende og brukte mange strofeformer og poetiske verkemiddel. Nettopp den veldige spennvidda mellom korthogne strofer og formfullenda sonettar har hatt ein eineståande appell på tvers av generasjonane. Den folkekjære diktaren er særleg kjent for kjærleiksdikta sine.