Det er den draumen

Skjønnlitteratur

Det er den draumen

I denne samlinga finn du mange av dei finaste og kjæraste dikta frå Hauge, mellom andre "Det er den draumen" som i 2016, 50 år etter at det først kom ut, blei kåra til Noregs beste dikt gjennom tidene. I 2019 viser Noreg seg fram som hovudgjesteland på bokmessa i Frankfurt. Noregs slagord er identisk med tittelen på landets vakraste dikt. Frå garden Rossvoll med utsyn over Ulvik og fjorden har Olav H. Hauge skrive fram litteratur som når heile verda. Utvalet er gjort av Bodil Cappelen, og ho har også skrive forordet.
329,00 kr
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234001529
Olav H. Hauge
Om forfattaren

Olav H. Hauge

Olav H. Hauge (1908–1994) er den fremste norske lyrikaren i etterkrigstida og var både klassisist og modernist. Han debuterte som forfattar i 1946.

Gartnaren frå Ulvik kalla seg gjerne sjølv ein vanleg arbeidsmann. I norsk bokheim vart han ein uvanleg arbeidar, ruvande som arvtakar og som nydyrkar. Frå heimen på Rossvoll skaffa han seg vidt utsyn og store kunnskapar. Han gav ut fleire samlingar med gjendiktingar av engelsk, fransk og tysk lyrikk. Hans eigne dikt har også nådd langt ut i verda, og gjendiktingane er komne på eit kvart hundre språk.

Olav H. Hauge var både klassisist og modernist; han kjende og brukte mange strofeformer og poetiske verkemiddel. Nettopp den veldige spennvidda mellom korthogne strofer og formfullenda sonettar har hatt ein eineståande appell på tvers av generasjonane. Den folkekjære diktaren er særleg kjent for kjærleiksdikta sine.