Last ned omslag

Bla-i-boka

Dagbok 1924-1994

Olav H. Hauge | Sverre Tusvik

Verdslitteratur og fruktdyrking i Hardanger

Frå han var 15 år og fram til veka før han døydde, førte Olav H. Hauge (1908-94) dagbok.

Med nær 4000 boksider av høgste litterære kvalitet er denne dagboka eineståande i sin sjanger, og ho har vore eit kult- og referanseverk sidan utgivinga i 2000. Det er refleksjonar om litteratur frå heile verda, iblanda tankar og hendingar frå kvardagen og fruktdyrkinga i Ulvik.

Her er eit vell av fyndord, ordtak og originale aforismar. Hauge tek også med dei mørkaste stundene – som åra då han var innlagd på sinnsjukehus, samtidig som ein får innsyn i kva som er bakgrunnen for diktinga hans.


ISBN: 9788252178692

Kategoriar: Fakta og dokumentar, Olav H. Hauge, Sommartilbod

Emneknagg: 2011, Innbunden, sommartilbod,

Sjanger: Kunst og kulturhistorie



Meir frå Olav H. Hauge