InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Olav H. Hauges vakraste dikt

Olav H. Hauge (1908-1994) er etterkrigstidas fremste norske lyrikar. Mange av dikta hans har blitt felleseige og har gått inn i norsk litteraturhistorie som klassikarar. No har Samlaget samla over 100 av dei vakraste dikta til Hauge i ei praktfull gåvebok. Hauges dikt har nådd langt ut i verda og er blitt gjendikta til nær 30 ulike språk. Hauge har ein eineståande appell på tvers av generasjonane, og dikta har gjort han til ein av våre kjæraste lyrikarar.
449,00 kr
Sider
155
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252186956
Olav H. Hauge
Om forfattaren

Olav H. Hauge

Olav H. Hauge (1908–1994) er den fremste norske lyrikaren i etterkrigstida og var både klassisist og modernist. Han debuterte som forfattar i 1946.

Gartnaren frå Ulvik kalla seg gjerne sjølv ein vanleg arbeidsmann. I norsk bokheim vart han ein uvanleg arbeidar, ruvande som arvtakar og som nydyrkar. Frå heimen på Rossvoll skaffa han seg vidt utsyn og store kunnskapar. Han gav ut fleire samlingar med gjendiktingar av engelsk, fransk og tysk lyrikk. Hans eigne dikt har også nådd langt ut i verda, og gjendiktingane er komne på eit kvart hundre språk.

Olav H. Hauge var både klassisist og modernist; han kjende og brukte mange strofeformer og poetiske verkemiddel. Nettopp den veldige spennvidda mellom korthogne strofer og formfullenda sonettar har hatt ein eineståande appell på tvers av generasjonane. Den folkekjære diktaren er særleg kjent for kjærleiksdikta sine.