Handgranateple: roman

Barn og ungdom

Handgranateple: roman

"Handgranateple er ei drivande godt fortald bok ... metta på dramatisk handling... Romanen er som utedansen i fjorden: fylt opp av livet sjølv" Inger N. Bråtveit, Dag og Tid Anja lever eit grått og kjedeleg liv heime hos familien. Men så begynner ho på vidaregåande skule, og må flytte på hybel. I byen møter Anja Malin som snur livet hennar opp ned, og sørgjer for meir spaning enn Anja kanskje har godt av.

229,00 kr
Ingelin Røssland
Om forfattaren

Ingelin Røssland

Ingelin Røssland (f. 1976) er frå Tysnes i Sunnhordland, men busett i Sverige. Ho debuterte med Viss du vil i 1998. For Handgranateple i 2006 blei ho tildelt Sunnmørsprisen og Uprisen. Ho har også motteke Sigmund Skard-stipendet, Guro Sandsdalens litteraturpris og Falturiltuprisen. Bøkene hennar er omsette til tysk, fransk, engelsk, færøysk og dansk. Ho er kanskje mest kjend for trilogien om Engel Winge. Den siste boka hennar var OMG frå 2019, som vart nominert til Kritikarprisen og til Uprisen.