Desemberbror

Barn og ungdom

Desemberbror

9–12 år 9 min
Elias har ein hemmeleg ven som berre han kan sjå. Han heiter Olle, og berre dei som ser med hjarta, kan sjå vesen som Olle. Dei har vore vener sidan Elias var liten. Men ein dag bestemmer mora til Elias at Olle berre får kome på besøk i desember. Ho lagar ei dør til han, og den døra skal berre opnast i adventstida. Når desember nærmar seg, er Olle redd for at Elias skal gløyme å opne døra hans. For kva skjer med Olle om Elias ikkje lenger trur på han? Ingelin Røssland har skrive ei underfundig og vakker historie om magi, tru og fantasi. Publisert i Barnas juleroser i 2021.
79,00 kr
Utgivingsår
2021
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234008757
Ingelin Røssland
Om forfattaren

Ingelin Røssland

Ingelin Røssland (f. 1976) er frå Tysnes i Sunnhordland, men busett i Sverige. Ho debuterte med Viss du vil i 1998. For Handgranateple i 2006 blei ho tildelt Sunnmørsprisen og Uprisen. Ho har også motteke Sigmund Skard-stipendet, Guro Sandsdalens litteraturpris og Falturiltuprisen. Bøkene hennar er omsette til tysk, fransk, engelsk, færøysk og dansk. Ho er kanskje mest kjend for trilogien om Engel Winge. Den siste boka hennar var OMG frå 2019, som vart nominert til Kritikarprisen og til Uprisen.