Englefjes

Barn og ungdom

Englefjes

12–16 år 4 t 9 min
Første bok i ein rå trilogi for ungdom! Engel Winge har sommarjobb i lokalavisa på Tysnes og har fått teften av ei god sak. Hyttefolk som bryt bygningslova like ved eit fuglereservat og hindrar fri ferdsel i strandsona. Engel skyr ingen metodar for å skaffa bevis, men det viser seg snart at skjergarden rundt Tysnes skjuler verre ting enn ulovlige hyttenaust. I si jakt på sanninga og ei god sak for avisa, kjem Engel stadig i trøbbel med politiet både for hærverk og båttjuveri. Når ho får teften av mord, finn ho det best å ta saka i eigne hender. Engel blir nøydd til å lura mordaren i ei felle, og ho har inga anna lokkedue enn seg sjølv.
279,00 kr
Utgivingsår
2021
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234004155
Ingelin Røssland
Om forfattaren

Ingelin Røssland

Ingelin Røssland (f. 1976) er frå Tysnes i Sunnhordland, men busett i Sverige. Ho debuterte med Viss du vil i 1998. For Handgranateple i 2006 blei ho tildelt Sunnmørsprisen og Uprisen. Ho har også motteke Sigmund Skard-stipendet, Guro Sandsdalens litteraturpris og Falturiltuprisen. Bøkene hennar er omsette til tysk, fransk, engelsk, færøysk og dansk. Ho er kanskje mest kjend for trilogien om Engel Winge. Den siste boka hennar var OMG frå 2019, som vart nominert til Kritikarprisen og til Uprisen.