Generell litteratur

Frå Ragnar til alle: e-post i utval

Ragnar Hovland var litterær konsulent på Det Norske Samlaget i årevis. Eit par dagar i veka har han hatt tilgang til eit kontor og ein pc. Dette har resultert i mange års bombardement med kortare og lengre e-postar til dei tilsette, og høgdepunktet i veka har for mange vore nettopp Hovlands kontordagar. I denne boka er ein liten del av denne verksemda fanga opp, alt frå Hovlands fråværsassistentar via små oneliners til livsfunderingar og ymse forbrukartestar.
Med denne boka gir vi fansen innblikk i ein hittil skjult del av forfattarskapen.

Forord av Erle Stokke.
229,00 kr
Ragnar Hovland
Om forfattaren

Ragnar Hovland

Ragnar Hovland (f. 1952) er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Sidan debuten Alltid fleire dagar i 1979, har han utgitt over 50 bøker i dei fleste sjangrar, for både vaksne og barn. Han har mottatt ei rekkje prisar, mellom anna Kritikerprisen, Brageprisen, Dobloug-prisen og Bastian-prisen.

Fleire bilete, tekne i lag med Steffen Kverneland, fotograf Johanne Nyborg: