Professor Moreaus løyndom: roman

Skjønnlitteratur

Professor Moreaus løyndom: roman

Eksotisk og erotisk krim med trådar til motstandsrørsla under krigen. Doktor Absens oppsøker kaptein Margalo for å få han til å løyse mysteriet med den polske motstandskvinna som forsvann rett etter krigen. Og dermed er ei spennande jakt gjennom fleire verdsdelar i gang. «Professor Moreaus løyndom» har alle trekka til ein ekte røvarroman. Her er forførande kvinner, eksotiske utlendingar, mektige myndigheiter og forfylla sjømenn. Med ein galen professor og ein kaptein på leiting i si eiga fortid er det duka for absurditetar. Her er talrike drap og attentat i ei fargerik forteljing som ikkje akkurat bleiknar når hovudpersonen omsider får innsyn i professor Moreaus løyndom. Hovland viser seg frå ei anna side i denne boka, men det absurde er likevel på plass, og vi finn mang ei setning som er verd å klippe ut og henge på veggen. Vel så mykje som romanen stiller spørsmål om hendingar, stiller han spørsmål om røyndommen - og avsluttinga er kanskje vel så overraskande for lesaren som for kaptein Margalo? Kuriosum: «Professor Moreaus løyndom» var ein av tre førsteprisvinnarar i Samlagets konkurranse for underhaldningsromanar i 1985.
329,00 kr
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234007736
Ragnar Hovland
Om forfattaren

Ragnar Hovland

Ragnar Hovland (f. 1952) er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Sidan debuten Alltid fleire dagar i 1979, har han utgitt over 50 bøker i dei fleste sjangrar, for både vaksne og barn. Han har mottatt ei rekkje prisar, mellom anna Kritikerprisen, Brageprisen, Dobloug-prisen og Bastian-prisen.

Fleire bilete, tekne i lag med Steffen Kverneland, fotograf Johanne Nyborg: