Generell litteratur
Astrup: ein gonzobiografi
«... ein rølpete roadmovie som det knapt finst sidestykke til i norsk litteratur.»
— Jan Nyberg, Bergens Tidende
I løpet av opphaldet i Jølster og familiehytta til Ragnar prøver dei så godt dei kan å ha Astrup i fokus. Men andre spørsmål trenger seg på: Vil Oddvar Torsheim openberre seg? Finst det sjøorm i Jølstravatnet? Kvifor vaknar Ragnar med blod over heile seg? Kven tok bilde av Steffen og Ragnar då det var berre dei i hytta? Svara på dette og mykje meir får du i den geniale gonzobiografien Astrup.
Sagt om boka
«Ragnar Hovland og Steffen Kvernelands elleville gonzo-biografi om Nikolai Astrup er ein rølpete roadmovie som det knapt finst sidestykke til i norsk litteratur»
— Jan Nyberg, Bergens Tidende
«En litterær «smashburger». «Astrup» er samtalen du ikke vil gå glipp av. [...] en herlig fuktig fest av en fortelling satt i scene av to forfattere som utfyller hverandre perfekt.»
— Knut Hoem, NRK
«Henimot genialt ... enkelte helt sublime boksider der Steffen Kvernelands visuelle mesterskap får utfolde seg. Det er så gjennomarbeidet, så kraftfullt og samtidig beskjedent, i subtilt samspill med den portretterte kunstnerens verker og omgivelsene de ble til i.»
— Jon Rognlien, Dagbladet
«... ei veldig fin, passe morosam og passe lærerik bok, der ein i tillegg til å bli minna på mange av dei fine bilda i Nikolai Astrup sitt kunstnarskap også får læra litt om livet hans ... om ein ikkje kjenner til verken Nikolai Astrup, Ragnar Hovland eller Steffen Kverneland frå før, ja så er det på høg tid, og då er ´Astrup: ein gonzobiografi´ ein like god plass å starta som veldig mange andre.»
— Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen
«eit lyst- og overskotsprega portrett ... halvt samansurium og heilt sjef. Det er ingenting å utsetje på humøret og stemninga – og i alle fall ikkje på danningsnivået.»
— Eivind Myklebust, Klassekampen
«Astrup er ei svært vakker bok ... på same tid eit solid biografisk prosjekt og ein kaotisk og anekdotisk fylletur til vestlandet. Det gjer henne, i mangel på betre ord, frisk ... Astrup blir framstilt som ein som viste fingeren til hovudstaden og dyrka bygda. Astrup viser også fingeren til ideen om kva ein biografi skal vere.»
— Asle Sætre, Empirix
