Desperate personar: roman

Skjønnlitteratur

Desperate personar: roman

Omsett frå engelsk
Om brestene i samfunnet - og ekteskapet. «Desperate personar», opphavleg gitt ut i 1970, er amerikansk romankunst på sitt beste. Det er historia om Otto og Sophie Bentwood, som bur i eit renovert rekkjehus i Brooklyn. I hylla har dei Goethes samla verk, dei har fått installert eit kjøkken i rustfritt stål, og Mercedesen står parkert ved fortauet utanfor. Etter at Sophie blir biten i handa mens ho prøver å mate den utsvoltne nabolagskatten, begynner ei rekkje små og illevarslande ulykker å heimsøkje livet deira. I eit rikt og detaljert språk blir det gradvis avslørt kva for svakheiter og brestar som finst i eit ekteskap - og eit samfunn - som er i ferd med å falle frå einannan. «Desperate personar» er ein roman frå Brooklyn.
329,00 kr
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252188257
Paula Fox
Om forfattaren

Paula Fox

(1923-2017) var ei av dei viktigaste forteljarane i amerikansk etterkrigslitteratur. Desperate personar kom opphavleg ut i 1970, men forfattaren har hatt ein renessanse dei siste åra. Ho har blitt løfta fram av Jonathan Franzen og David Foster Wallace og andre yngre amerikanske forfattarar, og fekk strålande kritikkar ved nyutgjevinga i USA.