Kort tid etter Paula Fox blei fødd i 1923, leverte foreldra ho på ein barneheim på Manhattan. Ho blei redda av bestemor si, og deretter levert frå hand til hand, frå New York til Cuba til California, og dei stadige møta med vennlege framande blei innimellom avbrotne av gjensyn med foreldra som ville låne ho for ei stund. I dette rørande portrettet heilt utanom det vanlege, om eit liv i tilfeldig flyt, har Paula Fox gitt oss eit sjeldan innblikk i kor mykje - og kor lite - eit barn treng for å overleve. Lånt stas er ein fantastisk minneroman om ein forfattars høgst uvanlege start på livet, og som raskt er blitt ein klassikar hos både lesarane og kritikarane.
Boka er omsett av Tove Bakke, som også har omsett Paula Fox' Desperate personar til norsk.
Meldingar
"Elegant om oppvekst ... godt oversatt av Tove Bakke. Jeg er glad Fox ikke lenger er ukjent for meg"
Vigdis Moe Skarstein, Adresseavisen
"Det spesielle med denne fremstillingen av en oppvekst i vanskjøtselens tegn, er at den er totalt blottet for føleri og utenomsnakk ... I Tove Bakkes oversettelse får impresjoner og øyeblikksbilder stå og vibrere, i en klar og ren nynorsk som ser ut til å passe perfekt til forfatterens erindringer fra en forlengst svunnen tid ... Etter relanseringen av i alt seks voksenromaner gikk imidlertid Fox fra å være glemt til å bli et fenomen, og det var selvfølgelig også derfor at Samlaget, 40 år etter at boken opprinnelig kom ut, i 2010 ga ut Desperate personar, som den heter i Tove Bakkes oversettelse ... At en såpass lite kommersiell utgivelse som dette kommer på norsk, er langt fra selvsagt. Og i en tid da innkjøpsordningene for litteratur er under hardt press, er det grunn til å minne om at bare slike ordninger kan sikre at også titler fjernt fra all mulig hype og bestselgeri får innpass i vår egen bokheim"
Anne Merethe K. Prinos, Aftenposten
"Glitrende selvbiografi om et ekstraordinært liv"
Cathrine Krøger, Dagbladet
"Dette er ei interessant og god bok, skriven i anekdotisk form av ein forfattar som veit kva og kvar ho vil. Med ei setning eller to teiknar ho scenene og situasjonane tydeleg og levande, og ho har eit framifrå blikk for særmerke og komikk. Ho legg ikkje mykje band på seg sjølv når ho skildrar veikskap og vondskap, men ho er også raus med godord til dei gode, og ho teiknar ikkje glansbilete av seg sjølv. Tove Bakke har sett om boka så fint at ein skulle tru teksten var skriven på nynorsk i originalutgåva, og Brit Bildøen har skrive eit føreord som straks får lesaren interessert både i boka og forfattaren. Slik skal det vera!"
Odd. W Surén, Dag og Tid
"Språket er entusiastisk og usentimentalt. Den verste vanskjøtsel skildres i en liketil, ofte humoristisk tone, noe som løfter historien ut av den velkjente, tragiske oppvekstskildringen (...) Fox’ blikk på seg eget liv er usedvanlig, nesten satirisk, og vitner om en bemerkelsesverdig personlighet"
Ingrid Melfald Hafredal, Klassekampen
"Et lite stykke Amerika (...) Paula Fox skriv knitrande og klart og med eit absolutt gehør for minne frå sin eigen oppvekst"
Margunn Vikingstad, Morgenbladet
Bla-i-boka
Paula Fox
(1923-2017) var ei av dei viktigaste forteljarane i amerikansk etterkrigslitteratur. Desperate personar kom opphavleg ut i 1970, men forfattaren har hatt ein renessanse dei siste åra. Ho har blitt løfta fram av Jonathan Franzen og David Foster Wallace og andre yngre amerikanske forfattarar, og fekk strålande kritikkar ved nyutgjevinga i USA.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO