Desperate personar: roman

Skjønnlitteratur

Desperate personar: roman

Omsett frå engelsk
Otto og Sophie Bentwood bur i eit renovert rekkjehus i Brooklyn. I hylla har dei Goethes samla verk, dei har fått installert eit nytt rustfritt stål-kjøkken, og Mercedesen står parkert ved fortauet utanfor. Etter at Sophie blir biten i handa mens ho prøver å mate den utsvoltne nabolagskatten, begynner ei rekkje små og illevarslande ulykker å heimsøkje livet deira. Gradvis avslører dette svakheitene og brestane i eit ekteskap - og eit samfunn - som er i ferd med å falle frå kvarandre.
179,00 kr
Sider
190
Utgivingsår
2011
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252178852
Paula Fox
Om forfattaren

Paula Fox

(1923-2017) var ei av dei viktigaste forteljarane i amerikansk etterkrigslitteratur. Desperate personar kom opphavleg ut i 1970, men forfattaren har hatt ein renessanse dei siste åra. Ho har blitt løfta fram av Jonathan Franzen og David Foster Wallace og andre yngre amerikanske forfattarar, og fekk strålande kritikkar ved nyutgjevinga i USA.