Nød: roman

Skjønnlitteratur

Nød: roman

Dette er ein underhaldande roman om alvorlege tema, om urettferd, om Bob Geldof og Live Aid, om kvifor vi blei som vi blei, om åttitalet og om å ha veldig dårlig samvit. Og om ein heilt vanlig fyr som blir lottomillionær og startar innsamlingsaksjonen "Lottomillionærar for Afrika". Dette er forfattarens første skjønnlitterære bok.
249,00 kr
Sider
335
Utgivingsår
2005
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252165425
Are Kalvø
Om forfattaren

Are Kalvø

(f. 1969) kjem frå Stranda og er ein av verdas største nynorsk-humoristar. Dette har han dokumentert gjennom ein lang karriere som forfattar, radioprogramleiar, avisspaltist og stå-opp-komikar. Dei populære bøkene hans er samla mellom tre permar i Greatest hits vol 1 – the early years (2003), Greatest hits vol 2 – the golden years (2004) og Greatest hits vol 3 – the travelling years (2009). Her er satiriske perler som m.a. Kunsten å vere neger, Bibelen 2, Syden, Våre venner kinesarane og tilgjengeleg for lesarane i praktiske utgåver med bonusmateriell.

Kalvø er utdanna cand.mag. med mellomfag i sosiologi og grunnfag i statsvitskap og kunsthistorie. Han har arbeidd fulltid med humor og satire sidan 1994, hovudsakleg som kåsør, tekstforfattar og programleiar i NRK, men òg som stå-opp-komikar, forfattar av satiriske bøker og fast spaltist i Arbeiderbladet/Dagsavisen sidan 1992. Han har motteke ei rekkje prisar og hatt stor suksess med scenetekstane Norge-Brasil, ein fotballopera, Kalvø, ein time av livet ditt du aldri får tilbake og Halve kongeriket. Norsk politikk - the musical.