Skjønnlitteratur

Ein vakker dag: roman

Omsett frå fransk av Tove Bakke

Søskena Simon, Garance og Lola stikk av frå eit lite lovande slektsbryllaup for å besøkje den yngste broren sin, Vincent. For ei stund legg dei bak seg tankane om barn og familie, kjærleikssakn og skilsmissesorg og kvardagens kjas for å nyte barndommen igjen, ein siste gong.
249,00 kr
Sider
161
Utgivingsår
2011
Språk
Nynorsk
Omsetjar
Tove Bakke
ISBN
9788252179606
Anna Gavalda
Om forfattaren

Anna Gavalda

(f. 1970) er fødd og oppvaksen i utkanten av Paris, og bur der også i dag. Ho debuterte med Eg vil at nokon skal vente på meg i 1999. Novellesamlinga vart ein kjempesuksess og selde raskt 200 000 eksemplar berre i Frankrike. Gavalda fekk Frankrikes viktigaste bokhandlarpris i 1999. Hennar største suksess er Saman er ein mindre aleine, som har seld over 2 millionar og er omsett til over 40 språk. Livet, til det betre gjekk rett inn på bestseljarlistene da ho kom ut i Frankrike.