InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Billie: roman

Billie og Franck er to utskot. Ho frå fattige og brutale kår, han er ein homofil rikmannsgut. På underleg vis finn deisaman. På ein fjelltur dett dei utfor ein skrent. Medan Billie strevar med å halde liv i Franck gjennom natta, fortel ho historia deira, frekk, humoristisk og rørande - akkurat slik vi likar Gavalda best.

Billie er historia om to svært ulike menneske som ikkje let fordommar eller skakkøyrd barndom stå i vegen for livet og draumane sine.

Frå fransk ved Tove Bakke.
399,00 kr
Anna Gavalda
Om forfattaren

Anna Gavalda

(f. 1970) er fødd og oppvaksen i utkanten av Paris, og bur der også i dag. Ho debuterte med Eg vil at nokon skal vente på meg i 1999. Novellesamlinga vart ein kjempesuksess og selde raskt 200 000 eksemplar berre i Frankrike. Gavalda fekk Frankrikes viktigaste bokhandlarpris i 1999. Hennar største suksess er Saman er ein mindre aleine, som har seld over 2 millionar og er omsett til over 40 språk. Livet, til det betre gjekk rett inn på bestseljarlistene da ho kom ut i Frankrike.