H
Hefta

Skjønnlitteratur

Harry

Under mottoet "Ung, stolt og harry" gir boka ei innføring i harryens historie, forskjellige typar harryar, ymse harry aktivitetar og gjenstandar, og avslører at det er mykje meir og heilt andre ting som er harry i dette landet enn dei fleste av oss trudde. Har register.
250,00 kr
Sider
207
Utgivingsår
1999
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252154191
Are Kalvø
Om forfattaren

Are Kalvø

(f. 1969) kjem frå Stranda og er ein av verdas største nynorsk-humoristar. Dette har han dokumentert gjennom ein lang karriere som forfattar, radioprogramleiar, avisspaltist og stå-opp-komikar. Dei populære bøkene hans er samla mellom tre permar i Greatest hits vol 1 – the early years (2003), Greatest hits vol 2 – the golden years (2004) og Greatest hits vol 3 – the travelling years (2009). Her er satiriske perler som m.a. Kunsten å vere neger, Bibelen 2, Syden, Våre venner kinesarane og tilgjengeleg for lesarane i praktiske utgåver med bonusmateriell.

Kalvø er utdanna cand.mag. med mellomfag i sosiologi og grunnfag i statsvitskap og kunsthistorie. Han har arbeidd fulltid med humor og satire sidan 1994, hovudsakleg som kåsør, tekstforfattar og programleiar i NRK, men òg som stå-opp-komikar, forfattar av satiriske bøker og fast spaltist i Arbeiderbladet/Dagsavisen sidan 1992. Han har motteke ei rekkje prisar og hatt stor suksess med scenetekstane Norge-Brasil, ein fotballopera, Kalvø, ein time av livet ditt du aldri får tilbake og Halve kongeriket. Norsk politikk - the musical.