Lånt stas: minneroman
InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Lånt stas: minneroman

Omsett frå engelsk
Kort tid etter Paula Fox blei fødd i 1923, leverte foreldra ho på ein barneheim på Manhattan. Ho blei redda av bestemor si, og deretter levert frå hand til hand, frå New York til Cuba til California, og dei stadige møta med vennlege framande blei innimellom avbrotne av gjensyn med foreldra som ville låne ho for ei stund. I dette rørande portrettet heilt utanom det vanlege, om eit liv i tilfeldig flyt, har Paula Fox gitt oss eit sjeldan innblikk i kor mykje - og kor lite - eit barn treng for å overleve. Lånt stas er ein fantastisk minneroman om ein forfattars høgst uvanlege start på livet, og som raskt er blitt ein klassikar hos både lesarane og kritikarane. Boka er omsett av Tove Bakke, som også har omsett Paula Fox' Desperate personar til norsk. Føreord av Brit Bildøen.
379,00 kr
Sider
269
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252180367
Paula Fox
Om forfattaren

Paula Fox

(1923-2017) var ei av dei viktigaste forteljarane i amerikansk etterkrigslitteratur. Desperate personar kom opphavleg ut i 1970, men forfattaren har hatt ein renessanse dei siste åra. Ho har blitt løfta fram av Jonathan Franzen og David Foster Wallace og andre yngre amerikanske forfattarar, og fekk strålande kritikkar ved nyutgjevinga i USA.