Om jubileet

Det Norske Samlaget fyller 150 år i 2018. Forlaget er eit av dei eldste i landet og har gitt ut nynorsk litteratur sidan 1868. Det skal vi feire på fleire måtar.

Sentralt i jubileumsåret står utgivinga av praktverket Nynorsk litteraturhistorie skrive av professor Jan Inge Sørbø. Boka er ei reise i den nynorske skjønnlitteraturen frå Ivar Aasen si tid og fram til i dag – og gjev eit heilt nytt perspektiv på norsk litteratur. Utviklinga av det nynorske skriftspråket har sytt for at stemmer og erfaringar frå heile landet har fått innpass i litteraturen, og at det er blitt skrive bøker frå småbruk og fiskevær på eit språk som reflekterer mang ein lesar sin eigen måte å tenkje og snakke på. Boka kjem i april.

Under paraplyen Nynorsk lesefest arrangerer Samlaget eit nasjonalt digitalt lesedøgn i grunnskulen 25. april. Forlaget ønskjer med dette å løfte fram den nynorske barnelitteraturen og spreie leseglede hos elevar med både nynorsk og bokmål som hovudmål. Den interaktive leseplafformen Lesemeister.no vil bli nytta til lesedøgnet.

Folkebibliotek og mållag er inviterte inn til den Nynorske lesefesten, og forlaget inspirerer til, og koordinerer aktivitet gjennom året.

Arrangement våren 2018:

  • 13. april: Barnelitterær fest på forlaget. For spesielt inviterte.
  • 25. april: Nasjonalt digitalt lesedøgn
  • 28. april: Festkveld på Det Norske Teatret. For spesielt inviterte.