Nasjonalt digitalt lesedøgn

I 2018 fyller Det Norske Samlaget 150 år. Dette feirar vi med Nynorsk lesefest, ein fest vi vil invitere landets grunnskular til å vere ein del av.

Under fana Nynorsk lesefest ønskjer vi å invitere 1.–4. klasse i grunnskulane til eit nasjonalt digitalt lesedøgn 25. april. Døgnet blir avvikla i skuletida, og elevane får nytte den digitale lesetenesta Lesemeister.no til å lese nynorsk litteratur ein heil skuledag.

Lesedøgnet vil ta form som ein konkurranse mellom dei påmelde skulane. Sjølve konkurransen vil gå føre seg mellom 9.00 og 16.00 den aktuelle dagen. Via Lesemeister.no kan vi hente ut statistikk på kor mange sider og bøker kvar skule les, og dei tre beste skulane får premie. I tillegg trekkjer vi ut heldige vinnarar blant dei påmelde skulane.

Premiar:
1. premie: 15 iPadar
2. premie: Årstinging på Lesemeister
3. premie: Bokpakke frå Samlaget

I tillegg trekkjer vi ut tre heldige vinnarar av bokpakkar frå Samlaget blant påmelde skular.

Lesemeister.no er ei interaktiv leseplattform som inneheld over 100 bøker på nynorsk frå ulike forlag. Der kan ein finne lesestoff tilpassa sitt lesenivå, lese sjølv, bli lesen for eller spele inn eiga ”lydbok”. Etter at elevane har lese ferdig ei bok, kan dei teste kva dei fekk med seg ved å ta ein tilhøyrande quiz. Alle skulane som melder seg på til lesedøgnet, får fri tilgang til lesetenesta under oppkøyring og avviklinga av døgnet. Ein loggar seg på Lesemeister.no via Feide.*

Ambisjonen med det digitale nynorske lesedøgnet er å setje søkjelys på nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Vi håpar at så mange skular og klassar som råd har lyst til å vere med på løfte den nynorske barne- og ungdomslitteraturen denne dagen!

Påmeldingsfristen er no ute. Påmelde skular får tilsendt lærarrettleiing for Lesemeister i løpet av mars.

Følg gjerne Facebook-sida for oppdateringar om lesedøgnet.

Dersom de har spørsmål, ta kontakt på nynorsk.lesefest@samlaget.no

* Vi vil sjølvsagt at alle som vil vere med på lesedøgnet, skal få høve til det, men det er ikkje alle som har tilgang på Feide-pålogging. Dersom skulen din ikkje har Feide, vil vi likevel at de melder dykk på og merkar av for at skulen ikkje har Feide-pålogging i påmeldingsskjemaet. Vi skal prøve å finne ei løysing for dei dette gjeld for, men kan diverre ikkje garantere at det lèt seg gjere.

INSPIRASJONSHEFTE FOR FOLKEBIBLIOTEK

Last ned