Leseland 2017

Visste du at ...? KATT

Redaksjon | Anna Fiske

148,00 kr 169,00 kr

Visste du at katten bruker halen til å halde balansen?

Eller visste du at kattar søv det meste av livet sitt? Og at dei drøymer når dei søv? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om det vanlegaste kjæledyret i Noreg, nemleg katten. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert, med sjarmerande og artige teikningar av Anna Fiske.

Mjau!

Visste du at …? KATT er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Les også:
Visste du at …? HEST
Visste du at …? HUND

Leseland. FAKTA. Nivå 1.

Visste du at ...? HUND

Redaksjon | Anna Fiske

148,00 kr 169,00 kr

Visste du at hundar sveittar frå nasen?

Eller visste du at ein hund er like smart som eit barn på to år?
I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om hunden, mennesket sin beste venn. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert, med sjarmerande og artige teikningar av Anna Fiske.

Voff!

Visste du at …? HUND er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Les også:
Visste du at …? HEST
Visste du at …? KATT

Leseland. FAKTA. Nivå 1.

Visste du at ...? HEST

Redaksjon | Anna Fiske

148,00 kr 169,00 kr

Visste du at hesten kan sove ståande?

Eller visste du at hesten kan tisse nesten 10 liter i løpet av ein dag? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om hesten. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert, med sjarmerande og artige teikningar av Anna Fiske.

Vrinsk!

Visste du at …? HEST er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Les også:
Visste du at …? HUND
Visste du at …? KATT

Leseland. FAKTA. Nivå 1.

Plommeproblem

Anna R. Folkestad

148,00 kr 169,00 kr

Ny bok i serien om Besta og Bo!

Bo, Besten og Besta skal på fest. Dei skal kle seg ut. Besta treng plommer til kostymet sitt, men i treet er det også mykje veps. Heldigvis får Bo ein idé!

Plommeproblem er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Les også:
Besta og Bo: Tanntrøbbel
Besta og Bo: Krabbekrise

Leseland. Nivå 1.

Superrask

Dan Höjer | Peter Demervall

148,00 kr 169,00 kr

Fartsfylte og lettlesne fakta!

Kor fort køyrer den raskaste berg-og-dal-banen i verda? Kva heiter den raskaste greske guden? Og kor fort svømmer eigentleg eit menneske – i forhold til ein hai?

Dette er ei bok om det å vere rask. Her møter vi raske fuglar, tog, menneske og planetar. Og ein får tenkt igjennom: Er det alltid best å vere rask? Boka har mange spennande og morosame fakta, og artige, fartsfylte illustrasjonar.

Superrask er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Frå svensk ved Ole Jan Borgund.

Les også:
Supersterk
Supersmart

Leseland. FAKTA. Nivå 3.

Supersmart

Dan Höjer | Per Demervall

148,00 kr 169,00 kr

Om smarte dyr, oppfinningar og menneske

Kva betyr det eigentleg når ein seier at nokon er smart? Og har storleiken på hjernen noko å seie?

I denne boka møter du historiske personar som er kjende for smarte oppfinningar og oppdagingar, mellom andre Albert Einstein, Marie Curie og Leonardo da Vinci. Men det finst også ulike måtar å vere smart på. Ein kan til dømes vere kjensle-smart, altså flink til å forstå korleis andre menneske tenkjer og føler.

Supersmart tek for seg ulike rekordar i det å vere smart. Boka kombinerer tankevekkjande fakta med tøffe illustrasjonar.

Supersmart er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Frå svensk ved Ole Jan Borgund.

Les også:
Superrask
Supersterk

Leseland. FAKTA. Nivå 3.

Supersterk

Dan Höjer | Per Demervall

148,00 kr 169,00 kr

Morosame fakta om muskuløse folk og galne styrkerekordar

I denne boka møter vi Magnus, eit av dei sterkaste menneska i verda, og handbakmeisteren Heidi frå byen Ensamheten i Sverige. Men her er også greske boksarar, «sterke» sirkusmenn, gudar, barnevakter og små, supersterke maurar …

Teksten er full av spennande og morosame fakta, og tek også for seg fordelar og ulemper ved det å vere sterk. Dei spenstige illustrasjonane tilfører tekstane ein ekstra humoristisk dimensjon.

Supersterk er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Frå svensk ved Ole Jan Borgund.

Les også:
Superrask
Supersmart

Leseland. FAKTA. Nivå 3.

Leseland 2017

Samlaget

1.035,00 kr 1.183,00 kr

Innheld dei 7 bøkene i Leseland-serien som har komme våren 2017.

Nivå 1: «Plommeproblem»

Fakta, nivå 1: «Visste du at …? KATT», «Visste du at …? HUND» og «Visste du at …? HEST»

Fakta, nivå 3: «Superrask», «Supersterk» og «Supersmart»

12,5% RABATT VED KJØP AV HEILE PAKKA!