InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Supersterk

6–9 årOmsett frå svensk

Morosame fakta om muskuløse folk og galne styrkerekordar! I denne boka møter vi Magnus, eit av dei sterkaste menneska i verda, og handbakmeisteren Heidi frå byen Ensamheten i Sverige. Men her er også greske boksarar, «sterke» sirkusmenn, gudar, barnevakter og små, supersterke maurar ... Teksten er full av spennande og morosame fakta, og tek også for seg fordelar og ulemper ved det å vere sterk. Dei spenstige illustrasjonane tilfører tekstane ein ekstra humoristisk dimensjon. Supersterk er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Les også: Superrask Supersmart Leseland. FAKTA. Nivå 3.

249,00 kr
Sider
47
Utgivingsår
2017
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252190830
Dan Höjer
Om forfattaren

Dan Höjer

(f. 1964) er forfattar og journalist. Han har skrive ei rekkje bøker, både sakprosa og skjønnlitterære bøker, for både barn og vaksne. I Sverige er han mest kjend som barnebokforfattar. Höjer bur i Stockholm.