Den internasjonale Fossefestivalen
174 bøker
Viser 145 - 174 av 174
Fossefestivalen er ein arena for dramatikk som er skrive etter Jon Fosses dramatikardebut i 1994. Festivalen skal romme både internasjonale gjestespel og eigne produksjonar, samt eit fagprogram som tar sikte på å utforske dramatikken frå ulike perspektiv. Festivalen er arrangert av Det Norske Teatret og Det Norske Samlaget.
Jon Fosse (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger over heile verda. Fosse har motteke ei uendeleg rekkje prisar både i inn- og utland.
Etter debutromanen Raudt, svart i 1983 har Jon Fosse etablert seg solid som romanforfattar, poet og barnebokforfattar, har gjort dramatikar av seg og opplevd eit internasjonalt gjennombrot utan sidestykke i samtidslitteraturen. Her finn du ei rekkje av Fosses utgjevingar.