Korleis laga eit saftig, sunt og knallgodt brød? Det er knapt noko matemne Bodil Nordjore har fått fleire spørsmål om enn brød. Her har ho samla dei 120 aller beste oppskriftene. Du får oppskrifter på kvardagsbrød, brød tilsett ulikt godt, som lauk, oliven eller tomat. Her finn du òg oppskrifter på småbrød som foccacia, franske bagettar og heilnorske rundstykke. Og du får vita korleis ein lagar brødet nordmenn har ete i generasjonar, nemleg flatbrød, og ei solid innføring i korleis ein bakar med surdeig.
Bodil Nordjore svarar også på alt ein lurar på når det gjeld baking. Kor lenge skal brød eltast? Kva er ein kald og ein varm deig? Når skal saltet i brødet? Skal ein bruka olje i brødet? Kva skjer med brødet om deigen er laus? Korleis laga eit haldbart brød?