Last ned omslag

Bla-i-boka

Grotten. Historia om eit hus og fem kunstnarar

Ingvild Bræin

Bli med inn i Grotten!

På ein fjellknaus i utkanten av Slottsparken ligg Grotten. Huset har sidan 1922 vore æresbustad for fortente kunstnarar, men vart bygd lenge før det. Henrik Wergeland la i si tid elsk på plassen, og 17. mai 1841 stod huset ferdig og Wergeland flytta inn med kone, hest, hund, kaninar, ormar og fuglar. Etter Wergeland har nokre av dei fremste norske diktarane og komponistane fått bu i Grotten: Christian Sinding, Arnulf Øverland og Arne Nordheim. I 2011 flytta forfattaren Jon Fosse inn i det rosa huset og vart kongens nabo. Grotten er ei forteljing om huset og kva som har skjedd der.

Boka handlar om nokre uvanlege skikkelsar i norsk historie: Korleis var kvardagslivet deira, og kva blei skapt i huset på knausen? Og det finst dei som har takka nei: Tarjei Vesaas kunne ikkje tenkje seg å forlate Vinje til fordel for å sitje på utstilling i Slottsparken. Mange blei urolege då erkevestlendingen Jon Fosse skulle bli kongens nabo. Ville han bli ein annan no, langt borte frå vestlandske fjordarmar og duskregn?



Meir frå Ingvild Bræin