Å lage knekkebrød er ikkje vanskeleg. Det er noko du kan lykkast med utan å vere ein røynd bakar. Dessutan er knekkebrød sunt, godt, rimeleg og haldbart. Og knekkebrød kan vere så mangt. Her får du oppskrifter på solide kvardagsknekkebrød, knekkebrød tilsette god smak som til dømes ost, tranebær, dill og sitronskal, men også oppskrifter på mellom anna kjeks og grissini.
Åpent Bakeri. Den franske sjefsbakaren på Åpent Bakeri, Emmanuel Rang, har saman med den franske bakaren Guillaume Nifosi og norske Espen Aasheim prøvd og feila i bakeriet og komme fram til ei rekkje gode, nye oppskrifter på knekkebrød. Emmanuel Rang er ein av to gründerar av Åpent Bakeri. Saman med Øyvind Lofthus starta han bakeriet i 1998.