Litt betyr det no likevel: essay
I si nye essaybok plukkar Ragnar Hovland opp tråden frå Kunsten å komme heim og andre essay (2011) og leier oss vidare gjennom sin personlege litterære kanon. Vi får mellom andre møte Arthur Conan Doyle, Stella Gibbons, Torgny Lindgren, Kenneth Grahame, Kjartan Fløgstad, John Steinbeck, Arne Garborg, A.A. Milne og Claes Hylinger. Vi får òg lese meir samfunnsorienterte essay, som den
sterke teksten om Charlie Hebdo, og vi blir vitne til det som kunne blitt eit intervju med Odd W. Surén. Også artisten Nico er å finne i samlinga, og vi får høyre om kunnskapsbøkene som frå tidleg av var viktige for Hovland.
La deg inspirere til å plukke opp dei bøkene du enno ikkje har fått lese - eller dei bøkene du har tenkt du må lese på nytt - etter å ha fått dei levande formidla av Ragnar Hovland, som med denne utgivinga markerer sitt førtiande år som forfattar.
«Det er en fryd a. boltre seg i Ragnar Hovlands tekster», skreiv Jon Øystein Flink (Klassekampen) om den førre essayboka, Kunsten a. komme heim og andre essay.
Meldingar
«Smittende kjærlighet til rare og skakke bøker [...]. Smålåtne, rare og til dels glemte bøker får velfortjent oppmerksomhet av Ragnar Hovland ... tåler fint å leses flere ganger, blant annet fordi han skuer bakover i litteraturhistorien, og skriver om mer eller mindre glemte klassikere [...]. Hovland fremstår som genuint nysgjerrig på å finne frem til kvaliteten i bøker som har havnet på sidelinjen eller under radaren på det litterære etablissementet. Og han lykkes i stor grad med å gi overbevisende argumenter på hvorfor de fortjener på bli hentet frem igjen»
Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende
Ragnar Hovland
Ragnar Hovland (f. 1952) er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Sidan debuten Alltid fleire dagar i 1979, har han utgitt over 50 bøker i dei fleste sjangrar, for både vaksne og barn. Han har mottatt ei rekkje prisar, mellom anna Kritikerprisen, Brageprisen, Dobloug-prisen og Bastian-prisen.
Litterære prisar
Aschehougprisen 2012 Bastianprisen
For nyomsetjing av Georgs magiske medisin (Roald Dahl)
Doblougprisen
Doblougprisen for 2008
Kritikarprisen
For Fredlaus (Roald Dahl)
Vinjeprisen
Vinjeprisen for 2005
Samlagsprisen
Samlagsprisen for 2002
Sunnmørsprisen
For Norske gleder
Kritikarprisen
For Ei vinterreise
Nynorsk litteraturpris
For Ei vinterreise
Noregs Mållags barnebokpris
For Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlet pappkartongen
Brageprisen
For Ein motorsykkel i natta
Melsom-prisen
For Sjølvmord i Skilpaddekafeen
Kultur- og kyrkjedepartementet sin omsetjarpris for barne- og ungdomslitteratur
For Den siste sjørøvaren (Mats Wahl)
Noregs Mållags barnebokpris
For Sjømannen, tante Elida og dei største eventyr
Førsteprisvinnar i Eides barnebokkonkurranse
Med Sjømannen, tante Elida og dei største eventyr
Samlagets romankonkurranse
Ein av tre likeverdige vinnarar
Noregs Mållags barnebokpris
For Den flygande sykkelen
Kultur- og vitskapsdepartementets debutantpris
For Det får stå til
Falturiltufestivalen Festivalforfattar Festspeldiktar 2008
Festspeldiktar under Dei Litterære Festspela i Bergen
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO