Gjendiktingar
Johannes Gjerdåker (1936-2020) er ein av dei viktigaste gjendiktarane våre. Han har gjort strålande arbeid med diktarar frå klassisk litteratur til vår eiga tid, og har fått fleire prisar.
«Gjendiktingar» inneheld høgdepunkta frå gjendiktingsarbeidet til Gjerdåker. Ved sida av hans eigne bøker er det teke med dikt og songar frå antologiar, aviser, tidsskrift og plater. Nokre tekstar til sentrale klassiske musikkverk er òg inkluderte. Robert Burns var ein sentral diktar for Gjerdåker. Elles femnde han svært vidt: Gjendiktingane hans strekkjer seg frå klassikarar på latin via islandsk visetradisjon, engelske og tyske romantiske diktarar og modernistiske dikt til kjende popsongar. Her er òg nokre av hans eigne dikt med, 23 meisterlege sonettar frå debutboka Skot på gamal stuv (1978). Det høver å minna om at ein god gjendiktar òg må vera ein god diktar.
«Gjendiktingar» er redigert av Per Olav Kaldestad. Håvard Rem har skrive etterord.
Johannes Gjerdåker
Johannes Gjerdåker (1936–2020) var gjendiktar, lyrikar og historikar. For gjendiktingane av Robert Burns ́ Dikt og songar (1996) vart han tildelt Bastianprisen. I 1998 kom Dikt og songar, Andre samling, som han vart nominert til Brageprisen for. I 2005 fekk han Kritikarprisen for omsetjinga av Odar av Horats. Andre samling. Han har òg fått bådde melsomprisen og Norsk klassisk forbunds pris, "Årets Klassikar", for innsatsen med å omsetja latinsk poesi til nynorsk.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO