Johannes Gjerdåker (1936-2020) er ein av dei viktigaste gjendiktarane våre. Han har gjort
strålande arbeid med diktarar frå klassisk litteratur til vår eiga tid og har motteke fleire
prisar.
«Gjendiktingar» inneheld høgdepunkta frå gjendiktingsarbeidet til Gjerdåker. Ved sida
av hans eigne bøker er det teke med dikt og songar frå antologiar, aviser, tidsskrift og
plater. Nokre tekstar til sentrale klassiske musikkverk er òg inkluderte.
Robert Burns var ein sentral diktar for Gjerdåker. Elles femnde han svært vidt: Gjendiktingane hans strekkjer seg frå klassikarar på latin, islandsk visetradisjon, engelske og tyske romantiske diktarar og modernistiske dikt til tekstar til klassisk musikk og kjende popsongar.
Her er òg nokre av hans eigne dikt med, 23 meisterlege sonettar frå debutboka Skot på
gamal stuv (1978). Det høver å minna om at ein god gjendiktar òg må vera ein god diktar.
«Gjendiktingar» er redigert av Per Olav Kaldestad. Håvard Rem har skrive etterord.
Johannes Gjerdåker
Johannes Gjerdåker vart tildelt Bastianprisen då han i 1996 gav ut sitt første utval med gjendiktingar av Burns, og då han i 1998 gav ut Robert Burns: Dikt og songar. Andre samling, vart han nominert til Brageprisen. Ikkje mindre kritikarrost vart han i 1997 då han frå originaltekstene gjendikta eit utval av den persiske klassikaren Omar Khayyam: Ruba_x0091_iyat. Har gitt ut diktsamlinga Skot på gamal stuv (1978), Balladen om Reading Fengsel og andre dikt frå engelsk (1980), Arbeidet i bygdene (1980) og andre lokalhistoriske bøker. Gjerdåker er representert med fleire gjendiktingar i antologiane Framande dikt frå fire tusen år (1968), Det vakraste under månen (1975) og Poetisk modernisme (1995).
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO