InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Blå flaggermus: roman

9–12 år
Bisnissplanar, ketsjupblod og ei jente med blå tusjar Sommarferien har akkurat starta. Sander og vennen Tomas har bisnissplanar. Men ein spøk med ketsjupblod fører til full utrykking. Ein rik mann kjem stadig oftare på besøk til Sander si mor. Og Sander finn ut ting som han kanskje ikkje ville vite. Med «Blå flaggermus» skildrar Harald Nortun korleis det kjennest å føle seg utanfor. Men også korleis det kjennest å endeleg bli sett. Blant anna når Sander møter Line, som teiknar med blå tusjar på kroppen hans.
349,00 kr
Sider
135
Utgivingsår
2019
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234000317
Harald Nortun
Om forfattaren

Harald Nortun

Harald Nortun (f. 1972) er utdanna litteraturvitar og har arbeidd som lektor ved NTNU. Han debuterte som forfattar med romanen Røverskogen i 2006. I 2015 gav han ut ein kritikarrost roman for barn, Eksperimentet, som er omsett til fire språk, blant anna fransk og nederlandsk. I 2019 blei barneromanen Blå flaggermus nominert til Brageprisen, og året etter blei boka Superfinalist i Bokslukerprisen. For den siste boka si Skallen (2021) var han også Superfinalist i Bokslukerprisen. Nortun er busett i Trondheim.