Ikkje denne guten: roman

Åsmund Forfang |
E-bøker | Sidetal: 382 | ISBN: 9788252186505

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price329 kr
Dette er historia om Håkon, yngste son i ein smedfamilie som er sterkt prega av farens brutalitet. Håkon tyr til dei midla han har lært - hard sjølvhevding -- for å løfte seg ut av rolla si som underdog. Vi følgjer han i kamp og kjærasteri, i smertelege møte med jamaldringar og vaksne, ein gløgg, liten gutjævel som ser nye impulsar i tida lokke frå verda der ute og true med å dra frå han andre unge menneske han knyter seg til.

Handlinga foregår i eit smelteverkssamfunn på ei tid da eit slikt lukka industrisamfunn enno kunne hevde klassegrenser du ikkje kryssa utan å måtte svi for det. Men verda er i endring, og endringar er gjerne smertefulle.

Åsmund Forfang

Du likar kanskje desse

Sist sett på