Åsmund Forfang
(f. 1952) debuterte med novellesamlinga Bilen med det store hjertet i 1972. Han har sidan skrive romanar, noveller, dokumentarbøker, historiske bøker og barnebøker. Dei to romanane Synnøve (1991) og Asbjørn (1993) handlar om menneske i 1980-åras Noreg, mens Den første sidan Sigurd (2007) er noko så sjeldan som ei langnovelle, der ein ung mann kjem til småstaden Anger som ny journalist i avisa Angerposten. Boka blei omtala som velskriven, spennande, vakker og humoristisk.
Forfang har også skrive fagbøker, deriblant Hundre år med et smelteverk. En beretning om livet i Kopperå (2000) og Kvinnene i gruvesamfunnet Løkken Verk (2004). Begge bøkene er historiske verk på rundt 300 sider bygde på eiga forsking kring industrimiljøet i Kopperå i Meråker og på Løkken Verk i Meldal. Han har òg omsett bøker frå engelsk. Forfang blei tildelt Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond i 1988. Han er i dag heiltidsforfattar og bur i Orkdal i Sør-Trøndelag.
Litterære prisar
- Alfred Andersson-Ryssts fond
Vis alle prisaneVis færre prisar
Alfred Andersson-Ryssts fond
Alfred Andersson-Ryssts fond for 1988.
Utgivingar av forfattaren
Asbjørn
Ateisme
Bjørkfink, sa F
Bryllaupet i Ballarat og to andre historier
Det svarte sverdets hemn
Det svarte sverdets hemn II
Håkon er yngste son i ein smedfamilie som er sterkt prega av den ubereknelege faren. Håkon tyr til dei midla han har lært _x0096_ hard sjølvhevding _x0096_ for
Les meir …
Ikkje denne guten
Dette er historia om Håkon, yngste son i ein smedfamilie som er sterkt prega av farens brutalitet. Håkon tyr til dei midla han har lært - hard sjølvhevding
Les meir …

