Ikkje denne guten: roman

Skjønnlitteratur

Ikkje denne guten: roman

Dette er historia om Håkon, yngste son i ein smedfamilie som er sterkt prega av farens brutalitet. Håkon tyr til dei midla han har lært - hard sjølvhevding -- for å løfte seg ut av rolla si som underdog. Vi følgjer han i kamp og kjærasteri, i smertelege møte med jamaldringar og vaksne, ein gløgg, liten gutjævel som ser nye impulsar i tida lokke frå verda der ute og true med å dra frå han andre unge menneske han knyter seg til. Handlinga foregår i eit smelteverkssamfunn på ei tid da eit slikt lukka industrisamfunn enno kunne hevde klassegrenser du ikkje kryssa utan å måtte svi for det. Men verda er i endring, og endringar er gjerne smertefulle.
329,00 kr
Utgivingsår
2016
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252186505
Åsmund Forfang
Om forfattaren

Åsmund Forfang

(f. 1952) debuterte med novellesamlinga Bilen med det store hjertet i 1972. Han har sidan skrive romanar, noveller, dokumentarbøker, historiske bøker og barnebøker. Dei to romanane Synnøve (1991) og Asbjørn (1993) handlar om menneske i 1980-åras Noreg, mens Den første sidan Sigurd (2007) er noko så sjeldan som ei langnovelle, der ein ung mann kjem til småstaden Anger som ny journalist i avisa Angerposten. Boka blei omtala som velskriven, spennande, vakker og humoristisk.

Forfang har også skrive fagbøker, deriblant Hundre år med et smelteverk. En beretning om livet i Kopperå (2000) og Kvinnene i gruvesamfunnet Løkken Verk (2004). Begge bøkene er historiske verk på rundt 300 sider bygde på eiga forsking kring industrimiljøet i Kopperå i Meråker og på Løkken Verk i Meldal. Han har òg omsett bøker frå engelsk. Forfang blei tildelt Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond i 1988. Han er i dag heiltidsforfattar og bur i Orkdal i Sør-Trøndelag.