Her kan du lese nyskrivne tekster frå tidlegare elevar ved Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring og tankar dei har om skriving, lesing og året ved skriveskulen. Skulen er eit samarbeid mellom Minotenk og Det Norske Samlaget. Blir du nysgjerrig? Forfattarskulen har søknadsfrist i november 2025. Viss du har spørsmål, så kontakt leiar Therese Tungen på t.tungen@samlaget.no.
Denne gongen får du møte Rim Tusvik.
Kven er du, Rim?
Eg er Rim, og i mars har eg levd 50 år på denne jorda. Eg er kvart sunnmøring, det er der Tusvik-namnet kjem frå. Men eg har enno aldri vore i Tusvik. Eg er kvart vossing, der har eg mykje artig og kjær slekt, der lærte eg å stå slalåm og å stupe. Eg er kvart berbar og kvart arabar, men eg har aldri budd i Tunisia og kan ikkje språket. Men eg elskar luktene, lyset, og å besøke pappa. Då blir mamma ofte med, og mimrar om då ho budde der. Eg er kusina til Ane, som reddar verda, bit for bit. Eg er mor til Ask, som fortryllar verda med leikande jazz. Eg er Rim, som betyr gaselle på arabisk og nyre på portugisisk.
Kva slags tekst er det du har skrive?
Eg har skrive eit dikt, kanskje, om eit barndomsminne, og om naturvitskapelege små ting eg går og tenkjer på.
Kanskje eit vanskeleg spørsmål, men kvifor skriv du?
Eg trur eg skriv fordi det gjer at eg klarer å tenkje. Eller fordi det er gøy, rett og slett. Eller fordi eg elskar å lese. Men i alle fall ikkje fordi mamma skriv!
Og kva liker du å lese?
Eg liker å lese magisk realisme, overdrivingar, ting som ikkje går an, men som går an likevel. Favorittane er Gabriel García Márquez, José Saramago, Elena Ferrante, Miranda July, Fernando Pessoa, Isabel Allende, Fjodor Dostojevskij, Mario de Andrade – og Marit Tusvik, så klart.
Er det noko ved Forfattarskulen du vil trekke fram som spesielt lærerikt for deg?
Det å møte alle dei fine folka var lærerikt og inspirerande. Så forskjellige historier, men likevel noko felles. Slik er det vel med alle menneske, og vi fekk oppleve det i vår eiga vesle boble. Det å få tilbakemeldingar, og prøve å gi tilbakemeldingar, var kanskje det som gjorde at eg utvikla meg mest.
Månen
av Rim Tusvik
Saturn har hundre og førtiseks månar
som vi veit om
Sekstitre av dei har fått vakre namn
Enceladus, Mimas, Siarnaq, Titan, Dione
Jorda har éin måne
som berre heiter
månen
Han viser oss alltid den eine sida
vi får aldri sjå han bakfrå
Er han sjenert
flau over noko
synest han baksida er stygg
fordi ho er full av krater
og kular
frå alle meteorane som har krasja inn i han
slik steinane krasjar
i bakhovudet mitt
medan ho skrik:
"Negerbarn!"
Nervetrådane i huda utanpå hovudskallen
knyter seg saman med nervetrådane i høyreorgana
og lagrar eit minne
i amygdala
som eg aldri kjem til å kunne gløyme
Eg går berre vidare
til eg er heime
Eg græt
og så lagar eg negerbollar
med ekte vanilje
Eg har Donald Duck-kular i bakhovudet
i fleire dagar
Nett som månen
viser eg dei ikkje til nokon