Møt elevane frå forfattarskulen! - Marija Krtinic Veckov

Her kan du lese nyskrivne tekster frå tidlegare elevar ved Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring og tankar dei har om skriving, lesing og året ved skriveskulen. Skulen er eit samarbeid mellom Minotenk og Det Norske Samlaget. Blir du nysgjerrig? Du kan lese meir om Forfattarskulen her. Skulen har søknadsfrist i november 2025. Viss du har spørsmål, så kontakt leiar Therese Tungen på t.tungen@samlaget.no.

Denne gongen får du lese tekst frå Marija Krtinic Veckov.

Kven er du, Marija?

Eg skulle gjerne likt å vite det sjølv. Men kanskje ein tidlegare journalist og forfattar som fekk publisert nokre bøker i heimlandet sitt (Serbia), og som flytta til Noreg for ei stund sidan. Ho ønskjer no å skrive på et framandt språk, og tenker at det er ekstra stas å skrive på både bokmål og nynorsk. Sånn er det berre for folk som starta å lære norsk utanfor Noreg og hamnar på ei øy på Vestlandet😊.

Kva slags tekst er det du har skrive?

Det er eit dikt som er ein del av eit bokprosjekt som eg held på med. Det handlar om vennskap, tap, barndom, kjærleik, flytting, og er dedikert til ei venninne eg mista på grunn av kreft.

Kanskje eit vanskeleg spørsmål, men kvifor skriv du?

For å finne svaret på det første spørsmålet, mellom anna.

Og kva liker du å lese?

Det er vanskeleg å svare på. Eg har alltid ei bok med meg og ei liste over bøker eg gler meg til å lese snart. Men sånn «off the top of my head» kan eg seie at eg alltid kan lese noko av Sylvia Plath, Magda Szabo, Ali Smith, Dubravka Ugresic, Lucia Berlin eller Natalia Ginzburg.

Er det noko ved Forfattarskulen du vil trekke fram som spesielt lærerikt for deg?

«In a nutshell»: at å gi tilbakemelding er like viktig for skriveprosessen som å skrive. Men heile konseptet, at vi budde saman på hotellet i fleire dagar, fekk høyre foredrag frå ulike forfattarar, og ikkje minst fekk skrive ganske mykje, var for meg ein svært intens måte å fokusere på skrivinga mi på. Det er nokså vanskeleg å oppnå det same no utan hjelp.    

Marija Krtinic Veckov

venninnene til mor mi
og mor di
forsvinn
som mygg i ei varm sommarnatt
Dei blir borne bort av ei usynleg hand
ei  etter ei

Og eg hugsar godt då dei banka med
lange negler i perlemorfargar på plastbordet på kjøkkenet
i eit eller anna ferieanlegg for arbeidarklassa
Dei snakka ettertenksamt om potteblomstrar
medan dei venta på at middagen vart ferdig kokt,
så dei kunne bevege seg med lange mentolsigarettar mellom fingrane
til stranda

Etter at dei hadde lege lenge i sola,
dyppa dei seg i havet
Men dei fukta sjeldan håret
sjølv om dei alle kunne symje
Dei vart underviste av ektemennene sine på bryllaupsreiser

venninnene til mor mi
og mor di
oppdrog alle barna
og ikkje berre sine eigne
Dei lærte oss
å teikna eyelineren på augnelokka
Dei lærte oss at den vakraste tingen i verda er
å dela
iskrem med herrelause kattar
Dei hadde berre søner
og dei måla romma i fargane til favorittklubbane deira,
til oss sydde dei gardinene i lilla nyansar
og gav oss skinande plastringar som gåver

venninnene til mor mi
og mor di
har vi ikkje sett sidan dei fekk
enkepensjon
Sine eigne pensjonar, opptente i mislykka offentlege bedrifter,
fekk dei aldri
Dei vart etne opp av inflasjon og krigsåra

venninnene til mor mi
og mor di
forsvinn
éi etter éi
som mygg i ei varm sommarnatt

Berre dei to, mor mi og mor di,
kjære J.,
vel,
likevel
gjer dei motstand
(eg veit ikkje eingong korleis dei klarer det)
mot den truande, tunge handa,
sjølv om dei, på sine flyturar,
har mista skjoldbruskkjertel,
livmor, bryst

Og døtrer
å ja
og døtrene sine,
kjæraste J.   

Forfattarskulen