Møt elevane frå forfattarskulen! - Merete Aasen

Her kan du lese nyskrivne tekster frå tidlegare elevar ved Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring og tankar dei har om skriving, lesing og året ved skriveskulen. Skulen er eit samarbeid mellom Minotenk og Det Norske Samlaget. Blir du nysgjerrig? Du kan lese meir om Forfattarskulen her. Skulen har søknadsfrist i november 2025. Viss du har spørsmål, så kontakt leiar Therese Tungen på t.tungen@samlaget.no.

Denne gongen får du lese tekst frå Merete Aasen.

Kven er du, Merete?

Eg heiter Merete Aasen, og eg er 33 år gamal. Eg er fødd med spastisk cerebral parese og sit i elektrisk rullestol. Eg vaks opp som den yngste av tre sysken på ein gard med geiter og kyr i Jostedalen i Sogn. Interessene mine er mellom anna språk, lesing, skriving, dyr, reising og djupe samtalar. Interessa mi for språk gjorde at eg studerte til ei bachelorgrad i omsetjing og interkulturell kommunikasjon ved Universitetet i Agder, med eit utvekslingsår ved University of Limerick i Irland. Eg har eit firma der eg har drive med omsetjing sidan 2017, men det siste 1,5 året har eg vore kontormedarbeidar ved Luster ATS i Gaupne.

Kva slags tekst er det du har skrive?

Eg har skrive poesi.

     

Kanskje eit vanskeleg spørsmål, men kvifor skriv du?

Eg har alltid hatt ein lidenskap for språk og ord, og likar å leike meg med ord. Til dømes tykkjer eg det er svært interessant korleis me set ulike ord og teikn saman for å forme ei meining, som me i neste sekund kan endre ved å leggje til eller fjerne eit ord eller teikn. Far min les mykje av Jakob Sande, noko som var med på setje kveik i interessa mi for poesi. Eg vart heilt imponert over korleis diktaren klarte å skildre kvardagslege situasjonar, og alt var på rim! Diktinga mi er som terapi, noko eg brukar for å bearbeide hendingar, inntrykk og kjensler.

Og kva liker du å lese?

Eg les mykje, og mykje forskjellig. For ikkje lenge sidan las eg til dømes ferdig Jente, 1983 av Linn Ullmann. Eg er òg med i ein internasjonal bokklubb på ein Discord-server, så eg les mykje saman med dei. Månadens bok der er If We Were Villains av M.L. Rio, og etterpå har eg avtalt å lese Fourth Wing av Rebecca Yarros saman med ei veninne på serveren.

Er det noko ved Forfattarskulen du vil trekke fram som spesielt lærerikt for deg?

Poesihelga i Bergen var veldig nyttig. Der fekk eg mange tips til korleis eg skulle arbeide med poesien min. Så var det veldig kjekt på Dei Nynorske Festspela i Ørsta, der var det mykje variert program.  Eg vil òg trekkje fram gruppa. Sidan me var berre ti stykk, vart me ein samansveisa gjeng. Sjølv om me ikkje hadde same utgangspunkt, hadde me mykje til felles og forståing for kvarandre, sidan alle er minoritetar. Det viktigaste eg har lært, er å stole på mi eiga røyst. Det var noko som eg fekk høyre på nesten kvar einaste samling, så det har eg i alle fall teke med meg vidare.   

Lux

Eg fekk min fyrste elektriske rullestol då eg var tre år gamal
Han var kvit og lilla og heitte «Lux»
«Lux» er latin og tyder «ljos»
Han var eit ljos for meg
Eg susa rundt i altfor stor fart
og med føter som dingla over fotplata
Eg har alltid hatt korte bein og småe føter
Me hadde det moro
Me var kule
I Luxen kunne eg gløyme og berre vere
Det var eg og Luxen
Det var Luxen og eg

Ville hestar

Dei ville hestane galopperer i rasande fart
forbi teltplassen min i den djupe dalen
Dei veit at dei lyt vere frie
Ingen torer fange dei
Att og fram galopperer dei i ausregnet
Hovane deira dundrar i bakken
manene dansar
dei vrinskar og kastar på nakken
Når dei kjem åt enden av juvet, tverrsnur dei
med ekkoet ljomande oppover fjellsidene

I juvet i den bratte, djupe dalen
er det betre å telte enn å byggje hus
Hus byggjer ein for at dei skal vare lenge
eit telt kan du pakke snøgt ned
og bere med deg
ein solskinsdag medan
hestane beitar fredeleg

Eg vil ikkje bu nede i juvet i lag med dei ville hestane
men eg kan gjerne telte der på blomeenga ein sumardag
grille marshmallows på bålet ein haustkveld
akkompagnert av hestane sine låge, nøgde knegg
Sjølv om dei er veldig vakre
er dei no eingong ville
og snart kjem flodbylgja
Kven skal redde dei når flaumen stig?