Møt elevane frå forfattarskulen - Jeli Violeta Villanueva Storsve


Her kan du lese nyskrivne tekster frå tidlegare elevar ved Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring og tankar dei har om skriving, lesing og året ved skriveskulen. Skulen er eit samarbeid mellom Minotenk og Det Norske Samlaget. Blir du nysgjerrig? Du kan lese meir om Forfattarskulen her. Skulen har søknadsfrist i november 2025. Viss du har spørsmål, så kontakt leiar Therese Tungen på t.tungen@samlaget.no.

Denne gongen får du møte Jeli Violeta Villanueva Storsve. Ho har også skrive fleire gode artiklar i Syn og Segn, som du kan lese her:

Der vi kjem frå, de dónde venimos.
For en skjønn unge.

Kva slags tekst er det du har skrive, Jeli?

«Fargeblind» og «Mjølkespreng» er to små tekster om store ting i livet. Eg brukar enkle fargar til å synleggjere komplekse kjensler, erfaringar og politiske spørsmål. Det er lite i livet som er svartkvitt, likevel dukkar desse to ikkje-fargane stadig opp i tekstene mine. Kanskje er resultatet at vi får auge på nokre kontrastar vi ikkje har sett så tydeleg før. Og nokre gonger blir kontrastane til nye nyansar vi kan utforske vidare.

Det er kanskje eit vanskeleg spørsmål, men kvifor skriv du?

Å skrive er for meg å puste, lytte, lese, danse, lære, utforske, tenkje, erfare, observere og å leve tekst. Eg skriv med blyant på papir for å kjenne orda, føle det fysiske arbeidet med å fange kvart ord. Det er lettare å leike med orda da. Eg skriv for å sjå om eg kan finne fram til forteljingar og stemmer verda enno ikkje har høyrt, og eg skriv for å ikkje vere redd.

Og kva liker du å lese?

Har du nokon gong tenkt på to språk samtidig og plutseleg oppdaga at det er eit heilt hav av ord du ikkje kan på det eine språket? Klokka tikkar, og du må berre skunde deg å lære deg nye ord, fleire ord for å kunne skrive det du ynskjer å vise verda. Kva vel du å lese da? Rapptekster, noveller, utdrag og romanar. Ved senga mi ruvar eit høgt tårn av bøker eg vil skal bli ein del av meg. Akkurat no les eg antologien Cronica. Sanne fortellinger fra Latin-Amerika, Døden er å bli glemt av Felipe Celesia, Las cosas que perdimos en el fuego (Ting vi mistet i brannen) av Mariana Enriquez og Tarantell av Eduardo Halfon.

Er det noko ved Forfattarskulen du vil trekke fram som spesielt lærerikt for deg?

Å bli lesen og la andre kommentere tekst kan kjennast nakent, men saman skapte vi eit rom der vi kunne vere uredde og gi kvarandre tilbakemelding med gjensidig respekt og forståing. Desse verdiane har eg med meg i møte med andre skrivande. På Forfattarskulen kom det mange spørsmål opp til overflata, og eg sette særleg pris på drøftingar omkring spørsmål som: «Kva er ein minoritet?» og «kva er mangfald?»

Mjølkespreng

Brune fødande kvinner

Verker

Uuthaldelege smerter i underlivet
Jordskjelvsvermar i låra

Knokane kvitnar
Sveitte og blod piplar nedover mot dei små, svarte krøllene

Eit kvitt tøystykke
blir lagt over det brune andletet til den fødande mora

Ho kavar for å få eit glimt av framtida

Det er betre slik
Det er betre å ikkje sjå den mjuke, brune babyen

Babyen set i sitt første skrik

Moras hyl idet kvite hender tek babyen bort

Verker

Ho krøkjer seg saman,
pustar inn ungens søte, varme ange

Ein drope råmjølk
frå ei mørkebrun brystvorte
fell ned og blandar seg med levra blod
frå den avkutta navlestrengen


Fargeblind

Eg ser ikkje fargar, seier du
Skil dei ikkje ut, oppfattar dei ikkje
Alle er like, seier du

Men eg er brun,
seier eg

Sjå! Eg strekkjer armen fram
Min lysebrune, gyllenbrune arm


Eg er fargeblind, eg,
smiler du

Du har svart apehår, seier dei andre barna


Eg spør om du ser blåmerket mitt

Alle er like mykje verdt,
smiler du


Eg rakk ikkje å dukke unna steinen

Kven gjorde det mot deg?

Blåmerket mitt er litt raudt, nesten lilla

Eg veit ikkje

Men korleis såg dei ut, du såg vel det?

Eg ser ikkje fargar,
hulkar eg

Alle er like mykje verdt,
kviskrar eg

Forfattarskulen