Debutantintervju med Anne-Lise Frøland

Tynne rivner av lys vil Anne-Lise Frøland undersøkje kva psykisk sjukdom kan gjere med den friske parten i eit parforhald. Ein gamal mjølkegard blei den perfekte staden å dytte romanpersonane hennar utføre stupet.

Gratulerer med debut, Anne-Lise! Korleis kjennes det at boka di no er ute i verda?

Litt merkeleg, fordi eg jo på sett og vis er ferdig med ho samtidig som det først er no det startar.

Kan du skildre boka di med eigne ord? Kva for bok er det du har skrive?

Boka handlar mellom anna om å flytte frå by til bygd, etablere seg på nytt og ikkje minst om husdyr og landbruk. Ein merksam leser vil kanskje klare å mjølke ei ku etter å ha lese romanen, og ikkje minst hugse at det ofte kan hjelpe å springe med ei sjuk ku? Først og fremst tek likevel boka føre seg perspektivet til den pårørande i møte med tung psykisk sjukdom. Hovudkarakterane Solveig og Vegard får det ikkje enkelt på garden dei tek over etter foreldra hans. Etter kvart som tungsinnet til Vegard dominerer stadig større delar av kvardagen, veks også graden av isolasjon og ikkje minst arbeidsoppgåvene som Solveig må ta seg av åleine. Solveig kan ingenting om gardsbruk. Snart står ho der med hovudansvaret for dyr, gard og heim og ein sjuk sambuar. Det litle nettverket dei har, blir halde på stadig større avstand og smuldrar etter kvart opp. Solveig trur ho skal greie å redde Vegard ut av sjukdommen, berre ho står i det lenge nok. Men det er ikkje alltid slik at ukueleg optimisme er kuren. Målet mitt var nok å avromantisere ein heil del, både knytt til landbruket og til psykiske lidingar. Kunsten og dagens media har ein tendens til å mystifisere og romantisere nettopp desse to, det har eg lite til overs for.

Eg har tenkt at boka er ein slags moderne tragedie. Strukturelt sett er ho også bygd opp i fem tilbakeskodande delar, brotne opp av eit slags kjøkkenbord-tribunal som går over éin kveld, der Sveinung frå nabogarden kjem for å konfrontere Solveig.

Korleis har skriveprosessen din vore?

Skriveprosessen har i det store og heile vore prega av god tid, tolmod og dyktige lesarar. Eg har lært at å skrive ein roman ikkje handlar om effektivitet – tvert imot handlar svært mykje om å la teksten få kvile og modne. Ein kan visstnok ikkje forhaste god tekst. I starten skreiv eg oftast i notat-appen på mobilen, medan eg stod i ein eller annan grøftekant rundt om kring i Bø med iskalde fingrar og tasta. Eg tenker best når eg går tur, og når ei scene deisa ned i hovudet måtte eg skrive ho med det same. Alt dette – riktig nok litt meir strukturert og samanhengande – sende eg til Maren Ingeborg Hvamstad i Samlaget, då ho kontakta meg etter å ha lese bidraget mitt i antologien frå Forfattarstudiet. Med andre ord var eg svært heldig som kom i kontakt med redaktør og forlag allereie tidleg i prosessen. Heldigvis såg Maren Ingeborg potensialet i det svært tidlege utkastet eg sende ho. Eg veit faktisk ikkje kor mange redigeringsrundar det blei totalt, men det blei ein del og eg lærte vanvitig mykje.

For å kunne skrive truverdig om landbruket måtte eg også gjere research, og eg var så heldig å få lov til å besøke nokre mjølkebønder i Møre og Romsdal. Desse besøka blei heilt avgjerande for å kunne skrive fram scenene frå fjøset. Faktisk finst der no også ei ku som er kalla opp etter meg. Ho blei fødd same ettermiddag som eg fekk bli med inn i eit av fjøsa og mjølke. Ei vakker lita kalvefrøken med kvite og raude teikningar. Etter kvart som manuset utvikla seg og redigeringsarbeidet tok overhand, blei grøftekantane og mobilen byta ut med kjøkkenbordet og ein PC-skjerm stabla opp på fire-fem kokebøker. Her sat eg pal i stilla og arbeidde frå klokka åtte om morgonen til sambuaren min kom heim frå arbeid i fire-femtida. 

Er det noko som har vore særleg utfordrande i skriveprosessen?

Eg trur nesten eg har gløymd det i så fall. Eg ser føre meg at å skrive ein roman er litt som å gå gravid. Fælt når det står på, men gløymd med det same du får babyen i armane. Det er i alle fall det venninnene mine som har barn seier om saken. Men eg jobba ganske mykje med å få til rekkefølga dei ulike delane av manuset skulle komme i, for å bygge opp spenningskurva på ein god måte. Eg var spesielt redd for at eg ikkje skulle få til den tunge stemninga eg ønska. Skrekken for at det ikkje skulle vere mørkt nok gjorde det i sin tur ganske vanskeleg å skrive inn lyse scener og bryte opp mørket med noko godt. Fordi eg var så oppteken av å bygge opp denne blytunge atmosfæra, så mista eg liksom lyset litt av syne sjølv.

Kva har inspirert deg under skrivinga?

Eg veit ikkje om det er riktig å kalle det inspirasjon, men det var iallefall ein solid dose motivasjon då Per Petterson, under ein hagefestival kor eg las frå den då uferdige boka, reiste seg og gjekk midtvegs inn i lesinga mi. 

Der finst sjølvsagt eit utal forklaringar på dette som ikkje har det minste verken med meg eller kvaliteten på manuset mitt å gjere – men eg valde å tolke det sjølvsentrert og bruke det for alt det var verdt. Per Petterson hata teksten min så mykje at han rett og slett måtte reise seg og gå. Dette utløyste den mest produktive og hardhendte arbeidsperioden i heile boka sin prosess. Eg drog heim og gjekk laus på manuset med øks (reint metaforisk sjølvsagt). Eg trur aldri eg har vore i stand til å vurdere min eigen tekst så kritisk før. Og resultatet, jo det var faktisk at teksten blei veldig mykje betre. Så, uansett grunn, tusen takk til Per Petterson som reiste seg og gjekk!

Per Petterson hata teksten min så mykje at han rett og slett måtte reise seg og gå.

Eg budde i Bø i Telemark då eg byrja på dette prosjektet og var omgitt av gardsbruk og jorder på alle kantar. Dette er ein del av grunnen til at romanen er lagt til bygda og ikkje byen. Ein viktigare årsak til å plassere Solveig og Vegard på ein gard var likevel at eg enkelt kunne skape truverdige problem for dei her. Den gamle mjølkegarden var ein perfekt stad å dytte dei utføre stupet, for å seie det litt brutalt. For først og fremst var eg opptatt av kva psykisk sjukdom kunne gjere med den som er frisk i eit parforhald. Og å undersøke sider ved dette som eg meiner er litt underkommunisert. Kanskje ville eg også gå litt i strupen på måten vi snakkar om diagnosar og til ein viss grad romantiserer nokre av dei i dag. Slik eg ser det, finst det ingenting positivt med å vere sjuk. Det er alltid best å vere frisk. Og eg trur ikkje vi hjelper den sjuke eller dei pårørande ved å gjere alvorlege lidingar om til daglegdags strev. 

Som når folk som berre er litt ekstra glad i orden og kontroll, unnskyldar seg med at dei har OCD. Slikt trur eg bidreg til å gjere stigmatiseringa verre. Fordi kontrasten blir så stor mellom det folk kallar OCD og det som verkeleg er tvangslidingar. Når det er sagt, trur eg også at vi kan snakke oss i hjel om psykiske lidingar, utan at skamma kjem til å forsvinne. Nettopp fordi friske folk ikkje tenkjer eller oppfører seg slik den sjuke gjer. Det sjuke er per definisjon eit avvik. Og når det gjeld skam for den pårørande sin del, har ein noko anna val enn å bli hos den som er sjuk? Tenker ein i det heile tatt på å dra? Solveig gjer i alle fall ikkje det. 

Slik eg ser det, finst det ingenting positivt med å vere sjuk. Det er alltid best å vere frisk.

I boka di er psykiske lidingar og omsuta for dyr og ikkje minst økonomi tett knytt saman. Tidleg i boka møter vi veterinæren som fortel om ei dyretragedie på ein gard i distriktet. Veterinæren er ikkje nådig i sin dom mot bonden som lot dyra sine lide fordi han ikkje skaffa hjelp. Spørsmålet om det same kjem til å skje på garden til Solli og Vegard, blir liggjande og dirre i bakgrunnen etter kvart som historia skrid fram. Er boka di ei form for forsvarsskrift også?

Nei, det trur eg ikkje at ho er. Det har i alle fall ikkje vore intensjonen min. Eg har heller ønska å nettopp sleppe til dei litt harde stemmene. Ein kan ha gode grunner for å felle dom over noko, og innimellom kan vi bli så opphengd i å forstå at vi kanskje til og med mister offera av syne. Eg trur vi kan krevje meir av kvarandre på nokre områder enn det vi gjer i dag, og det vi kanskje ofte gløymer er kor mykje omsorg det kan ligge i å krevje. Den som krev noko bryr seg jo. 

Og den som krev noko av ein som ikkje orkar, den stiller seg også i ein svært upopulær posisjon. Det er ingen som liker å bli utfordra når dei er på sitt svakaste og skjøraste, men kanskje er det då ein treng det mest. At nokon krev at du reiser deg så langt som du kan. Solli for eksempel, krev ingenting av Vegard, ho står berre attmed han og held han i handa medan han og ho går under. Og ho gjer den same feilen som bonden veterinæren fortel om, ho ringer ingen. Korfor er vanskeleg å svare på i begge tilfella. Kanskje er det skamma over å ha latt det gå for langt. Eller kanskje er det ikkje anna enn resignasjon. Eg veit ikkje. Men ei lang stund så var det endå ikkje for seint, før det blei det.

Lesaren får hint om at Vegard også tidlegare har slitt med psyken, men sjukdommen bryt ut i full blomst då han og Solveig tek over ansvaret for garden. Parallelt med at Vegard slit med tvangstankar om å skade andre, får lesaren sjå at gardsarbeid inneber å handtere aggresjon frå dyr. Lydane frå dei innestengde oksane som brakar saman i fjøset når heilt inn på soverommet, der Vegard skal komme til å isolere seg meir og meir. Kan du fortelje litt meir rundt dette?

Kva som påverkar Vegard mest er vanskeleg å seie, om det er økonomien eller ansvaret for dyra eller noko meir tilfeldig. Dei har jo teke over eit bruk som på sett og vis er dømd til å mislykkast heilt frå starten. 

Lønnsemda i landbruket er for dei fleste ganske dårleg, og den måten Solli og Vegard driv på, med eit lite båsfjøs – det er eigentleg berre å gi opp, skal ein tru somme røyster. Av dyrevernsmessige årsaker har ein mellom anna varsla å gjere denne drifta forbode, men så langt har ein berre utsett det igjen og igjen. I sin tur gjer dette det vanskeleg å vite kva ein skal forhalde seg til. Uansett står bonden i eit hav av utfordingar, det trur eg alle som har sett Jon blir bonde på TV-Norge også har fått med seg no. For ein som Vegard er nok ikkje dette særleg sunt.

Når nokon blir rasande eller valdeleg så er det i dei aller fleste tilfelle eit resultat av at ein mistar kontrollen. Og Vegard byrjar etterkvart å grave i minna sine for å sjå om han kan finne bevis på at han er tilbøyeleg til nettopp å miste kontroll på denne måten. Om minna er ekte eller om dei blir forvridd i den evige leitinga etter bevis for tilbøyelegheit til vald, er vanskeleg å seie. Forskjellen på dyr sin aggresjon og menneske sin aggresjon, er kanskje at dei fleste av oss ikkje ville blanda skuld inn i det når eit dyr utøver vald. Vi tenker ikkje at dyr skal kontrollere seg, tvert i mot er det vi som skal kontrollere dyra. Det er eigaren sitt ansvar om ein hund bit, ikkje hunden sitt. Sjølv om ein i desse tilfella vel å avlive hunden så er ikkje det fordi ein meiner at hunden hadde skuld og må straffast. Ein avlivar hunden fordi ein veit at ein hund som bit ein gong, gjerne gjer det igjen. Målet er altså å verne andre mot hunden, men det har ingenting med straff eller skuld å gjere. Med mennesket handlar det derimot alltid om skuld. Fordi vi legg til grunn at eit menneske skal kunne kontrollere seg sjølv og handlingane sine. Når ein då byrjar å tvile på evna si til å nettopp kontrollere valdelege impulsar, er det ikkje så rart at dette fører til ein heil del vonde kjensler og frykt. Fordi mennesket, så sant det er tilrekneleg, er skuldig i alt det gjer, både av godt og vondt. Vi ser på oss sjølve som rasjonelle og viljestyrte, men for Vegard blir dette etter kvart vanskeleg å stole på. Kanskje er han nettopp ein slik hund som bit?  

Anne-Lise Frøland:Tynne rivner av lys

Du må lære meg alt.

Solveig og Vegard tek over garden til foreldra hans etter at faren får slag. Det er ei avgjerd som tvingar seg fram under dramatiske omstende, men Solveig, som ikkje har gardserfaring, kjenner seg likevel trygg på at dei har gjort det rette. Ho legg merke til ei endring i Vegard. I fjøset er han ikkje redd. Og frå utsida ser den vesle mjølkegarden riktig så idyllisk ut.

På nabogarden bur barndomskompisen Sveinung, som har lagt over til moderne lausdrift for lenge sidan. Sveinung er stadig innom etter at dei overtek, både Vegard og Solveig trivst godt i selskapet hans. Gradvis blir likevel besøka færre. Solveig stansar han ute på trappa, ho har lovt Vegard å halde tett. Vegard treng hjelp, og Solveig er fast i trua på at ho skal klare å hjelpe han. Aleine.

Tynne rivner av lys er ein roman om kor vanskeleg det er å hjelpe nokon som ikkje vil ha hjelp, om psykisk uhelse blant bønder, og om korleis også håp og optimisme kan få fatale følgjer.