Debutantintervju med Andrea Rudland Haave

- Mange ungdommar gjer seg vanskelege erfaringar tidlegare enn vi vaksne trur, meiner debutant Andrea Rudland Haave. Sytten, snart atten er ungdomsboka ho sjølv gjerne skulle ha lese som ung.

Gratulerer med debutboka, Andrea! Korleis kjennest det å sjå boka di ute i bokhyllene?

Tusen takk! Det er nesten så eg ikkje trur det er sant. Men det er veldig morosamt, og stort for meg at boka endeleg er ute i verda.

Kort fortalt, kva for bok er det du har skrive?

Boka handlar om Mia på sytten år som flytter frå ein liten tettstad i Gudbrandsdalen til storbyen. Ho treff ein mann på Tinder som er alt ho kunne drøyme om. Han er kjekk, kan mykje og er mykje eldre enn henne. Ho flyttar inn til han, men etterkvart skal det vise seg at han ikkje er den ho trudde.

Romanen handlar om kjærleik og vegen ut av eit destruktivt forhold. Men også om vennskap og draumar. 

Korleis har prosessen med å skrive denne boka vore for deg?

Det har vore ein lang, morosam, krevjande, skummel og lærerik prosess. Alt på ein gong. Nokre periodar har eg tenkt at eg aldri kjem til å kome i mål, andre periodar har det vore god flyt. Det har vore veldig morosamt å jobbe med ein god redaktør, og lære meir om korleis redaktørar tenkjer. Eg har brukt lang tid, men er veldig glad for det no.

Er det noko som har vore særleg utfordrande i skriveprosessen?

Eg har jobba mykje med å skape ein karakter med fleire lag. Det har vore viktig for meg at Mia skulle være ein samansett karakter, at ho ikkje berre skal opplevast som eit offer. Eg ville ho skulle være både ein sterk rebell og ei usikker jente.


Eg liker å leike med kontrastar i skrivinga. Du kan både vere svak og sterk, og du kan elske og hate på same tid. Det eine utelukkar ikkje det andre. Det er komplekst og samansett å vere menneske. Eg har leika mykje med kva som kan skje når du mistar deg sjølv. Mia er ei tøff jente som har hatt ein ustabil oppvekst. Ho har på mange måtar lært seg å klare seg sjølv, og har nok vorte vaksen litt fort. Eg trur kven som helst kan hamne i ein destruktiv relasjon. Ein treng ikkje å ha den tøffe oppveksten Mia har hatt for å oppleve noko slikt. Men i denne historia syntest eg det tilførte romanen eit ekstra lag. Mia kjenner seg rotlaus, og finn fort noko i han som ho ikkje har. Han får henne til å kjenne seg heime.

"Eg trur kven som helst kan hamne i ein destruktiv relasjon."

Eg ville at Mia og mannen ho fell for skulle vere litt uforutsigelege karakterar. At lesaren ikkje heilt veit kva for val Mia kjem til å ta i alle situasjonar ho er i. Tanken har vore at lesaren skal dragast inn i augneblinken, nærmast kjenne pusten og pulsen til Mia. Om eg har lukkast med det er opp til lesaren å meine noko om, men det har i alle fall vore målet.

Korleis har du gått fram for å jobbe med denne karakterutviklinga?

Eg les mykje høgt medan eg skriv, og speler ut scenene fysisk undervegs i prosessen for å finne ut nøyaktig kva for rørsler og uttrykk eg meiner karakterane har i dei ulike scenene. Det er jo ein indre prosess hjå alle karakterar. Vi menneske gir sjeldan uttrykk for det vi eigentleg vil, kva våre sanne mål er. Vi uttrykker ikkje dette nødvendigvis i ord, men det kan kome til uttrykk gjennom kroppen, vår måte å bruke stemma på, blikk, ansiktsuttrykk og bevegelsar. Dette har eg hatt med meg i skrivinga. 

"Vi menneske gir sjeldan uttrykk for det vi eigentleg vil, kva våre sanne mål er. Men det kan kome til uttrykk gjennom kroppen."

Du er jo utdanna skodespelar. Måten du spelar ut scenene undervegs, er det fundert i teaterteknikkar du har lært?

Det er ikkje nokon konkret teknikk eg nyttar, men det er jo teknikkar eg har lært over mange år i skodespelararbeidet. Ting eg vanlegvis gjer i rollearbeid heilt automatisk har eg no prøvd å vere litt bevisst på i skrivinga. Det er ikkje nødvendigvis slik at eg er på golvet når eg speler ut scenene, det kan være sitjande på stolen medan eg skriv. Eg speler ofte ut dialogar for å finne eit truverdig kroppspråk hjå karakterane. Til dømes korleis kroppen ter seg når noko er vanskeleg. Kvar er hendene, kor ser blikket, kva for tankar surrar i hovudet? Kva er underteksten? Stort sett alle dialogane i boka har vore lest høgt og testa ut, og eg har skrive slik at eg synest det funkar munnleg. Eg ville gjerne at teksta skulle ha ein dynamikk og ein rytme. 

I romanen refererer Mia til kjærasten sin alltid berre som han. Lesaren får ikkje vita namnet hans, han er berre «han ho elskar» - ho held han liksom på avstand for lesaren?

Ja, og det er heilt bevisst. Ho held han på avstand for lesaren, slik ho også held han på avstand frå veninna si. Det seier kanskje noko om at Mia veit sjølv at dette forhaldet ikkje er bra for henne. Ho er redd for at blikk utanfrå skal øydelegge det ho har med han. Eit anna aspekt er at ho faktisk ikkje veit så mykje om han. Ho forelskar seg i eit perfekt bilete av han, som eg trur mange unge kan kjenne seg att i. Det å ikkje heilt ville sjå dei dårlege sidene, fordi ønsket om å kjenne seg elska er så sterkt at det overgår alt anna. Det er håpet om kjærleik som driv henne. Dette er Mia sitt fyrste møte med desse kaotiske, altoppslukande kjenslene. Ho blir eit uheldig offer for ein manipulerande mann, som vi eigentleg ikkje får vite så mykje om. Eg vil at lesaren sjølv skal undre seg over kva som er sant, ikkje sant og kva han eigentleg lev av og driv med. For lesaren får aldri heilt tilgang på han, nett som Mia. 

Boka di tek opp fleire mørke tema: vald i nære relasjonar, problematiske familieforhold, abort. Korleis har det vore å skrive om slike tunge tematikkar for eit ungt publikum? Og tenkjer du mykje på lesaren medan du skriv?

Det er mørke tema for ein ung lesar, men viktige tema. Eg opplever at ungdom i dag veit mykje, og gjer seg kanskje nokre erfaringar tidlegare enn vi trur. Difor trur eg dei toler denne tematikken. Eg tenkjer mykje på lesaren medan eg skriv. Dette er ei historie eg sjølv gjerne skulle lest som ein ung lesar. Det har òg vore viktig for meg at romanen skal innehalde humor, håp og lys. Eg vil at lesaren skal sitje att med ei tru på at det er mogleg å kome seg ut av ein vanskeleg relasjon. Også har eg prøvd å skrive ein roman som ikkje berre er ein kjærleiksroman, men også ein spenningsroman. Eg håpar dei som les boka sit med kjensla av å måtte bla vidare.

"Eg vil at lesaren skal sitje att med ei tru på at det er mogleg å kome seg ut av ein vanskeleg relasjon."

Andrea Rudland Haave: Sytten, snart atten


Sterk debut om å vere fanga i eit destruktivt forhold

Mia har flytta til Oslo frå ein liten tettstad, ho kjenner seg utafor og retningslaus i den store byen. Men ein dag møter ho ein eldre mann på Tinder, han er kjekk, erfaren og får ho til å føle seg spesiell.

Ho flyttar raskt inn til han, men etter kvart dukkar det opp stadig fleire raude flagg. Han er kontrollerande, sjalu og manipulerande. Mia må prøve å finne ein veg ut, men den vegen skal vise seg å vere vanskeleg å finne.

Sytten, snart atten er ein medrivande, intens og urovekkande ungdomsroman om å vere ung, sårbar og forelska. Han handlar om psykisk vald i nære relasjonar, og om kor vanskeleg det kan vere å kome seg ut av ein øydeleggande relasjon.


KJØP BOKA