Debutantintervju med Marthe Holien Bø

Kva skal ein gjere når mamma krympar på grunn av sorg og ikkje greier å vere den vaksne lenger? Og kan eit venskap starte med ein løgn? Marthe Holien Bø debuterer med barneboka Ni løgner og jakta på eit smil.


Gratulerer så mykje med debutboka di, Marthe! Kan du skildre boka di for oss? Kva for ei bok er det du har skrive? 

Ni løgner og jakta på eit smil fortel historia om Klara. Ho og mamma er i bygda der mormor budde. Dei er der for fyrste gong etter at mormor er død. Med ei mamma som berre grin og grin, ein vanskjøtta gris og eit hønsehus i forfall blir det litt mykje for Klara. Etter at Klara (og den vanskjøtta grisen!) har vore på ulovleg ferd ned til den livsfarlege riksvegen, blir Klara kjend med Pelle. Endeleg er det fleire born i den litle bygda, og Klara kjenner at ho kanskje kan få ein ven her. Men kan eit venskap starte med løgn? For heilt plutseleg er det dét som skjer. Klara lyg. Og lyg. Og mamma blir berre meir og meir lei seg for at mormor er borte. Men Pelle har ein plan, og snart set dei to venene praktisk talt fyr på bygda.

Eg har skrive ei bok om løgn, sorg og venskap og korleis nokre born fort tek ansvar for dei vaksne sine kjensler. Eg har undra meg mykje over kvifor vi lyg. For ikkje å såre andre? For å gjere det lettare for oss sjølve? Fordi sannheita er for vond å bere? Eg håpar boka kan gje born og foreldre ein moglegheit til å snakke saman om løgn og sannheit, om sorg og vonde kjensler.

 Eg har undra meg mykje over kvifor vi lyg.

Korleis har skriveprosessen din vore?

Eit par veker inn i nedstenginga av Norge i 2020 tenkte eg: "No! No Marthe, skriv du den barneboka du har hatt i hovudet i alle desse åra". Problemet var berre det at eg ikkje visste kva slags barnebok eg skulle skrive. Så dukka det opp ei jente, og det viste seg å vere Klara. Eg skreiv utan ein plan og lot historia få utfalde seg etterkvart. Forteljinga var ordrik, med mykje skildringar av natur. Litt utpå hausten såg eg at Samlaget annonserte ei manuskonkurranse for framtidige barnebokforfattarar. 25 sider skulle sendast inn, fristen var om ei veke. Eg hadde fjorten sider. Litt aleinetid på setra fiksa dei ekstra 11 sidene som trongs. Tårene skvatt då mitt manus blei plukka ut, og etter mykje om og korona-men kunne vi endeleg møtast i Oslo på skriveseminar. Etter denne samlinga sende eg og redaktør Elen Betanzo manuset fram og tilbake mellom Stryn og Oslo. Siste del av boka blei skriven på ei lengre reise i Asia, og eg gløymer ikkje då eg sat midt i jungelen i Kambodsja, med gekkoar og slangar på alle kantar, og fekk e-post om at manuset var antatt. Eg feira med pannekaker.

Er det noko som har vore særleg utfordrande i skriveprosessen?

Det mest utfordrande med skriveprosessen har definitivt vore å begrense seg. Det opphavlege manuset er sikkert tre gongar så langt, inneheld haugevis med skildringar og detaljar. Dei fleste lesarar ville sikkert falt av lasset midtvegs, under ei skildring av ein foss, i undring over kvar alt vatnet kom frå. Eg har det med å utbrodere. Redaktørane mine klarte heldigvis å sjå at det låg noko reinare og enklare under alle desse orda, og oppmuntra meg heile tida til å tenkje som eit barn. ”Korleis ville eit barn tenkt her”?

 Kva har inspirert deg under skrivinga?

Mi eiga bestemor og landskapet ho budde i har inspirert meg. For meg er Klara på besøk i ei lita fjellbygd på Austlandet, heilt på grensa mot vest. Eg ser tydeleg for meg riksvegen som snodde seg som ein orm nedanfor huset til mi bestemor. For meg er dette den same riksvegen som Klara absolutt ikkje får gå ned til i boka (trur de ho gjer det?) Mi bestemor hadde også grisefjøs, laga "hoppetusser" på takke og hadde ein frodig grønnsakshage, akkurat som mormora til Klara. Og ho døydde frå meg seinare enn mormora til Klara gjorde, men likevel altfor tidleg.

Sjølv om mormor er død, er ho framleis sterkt til stede i boka. Ikkje berre fordi Klara lyg ho levande, men også gjennom alle dei fysiske spora, som er i ferd med å viskast ut, eitt etter eitt. Det er ganske brutal lesing, også for ein vaksen (må eg innrømme)? 

Klara "ser" mormor overalt. I den siste blomebuketten ho plukka, i dei siste bollane ho baka, i hengekøya som vaiar svakt i vinden om natta. Ho klamrar seg til desse tinga, og mykje av grunnen til det trur eg er fordi ho ikkje får utløp for sorga si. Ho har ikkje ein mamma som held ho slik at ho får gråte. Ingen vaksen som har kapasitet til å sjå ho. Ho veit ikkje kvar ho skal gjere av dette vonde. 

Samstundes som boka di handlar om desse tunge temaa, er ho også full av lys og barnleg glede. Korleis har det vore å jobbe med slikt eit kontrastfylt materiale i debuten?

For meg er dette livet - fylt av dualitetar. Du har dag og natt. Lys og mørke. Sorg og glede. Eg er fascinert av barn i møte med sorg. Ofte har dei ei eiga evne til å bevege seg naturleg mellom desse dualitetane. Det treng ikkje vere langt mellom latter og tårer (sjølv om tårene sit fast, i Klara sitt tilfelle).

Eg er fascinert av barn i møte med sorg. Ofte har dei ei eiga evne til å bevege seg naturleg mellom sorg og glede.

Blir det fleire barnebokprosjekter framover?

Eg lurer jo på korleis det går med Klara. Ho lever framleis inni meg, så vi får sjå om ho kjem springande med fleire påfunn.

Marthe Holien Bø: Ni løgner og jakta på eit smil

Klara og mamma er på garden til bestemor. Men ting er ikkje som dei har vore før, no når bestemor ikkje er her lenger. Mamma ligg berre på sofaen og grin. Men utanfor er sommaren lys og varm og grøn, og Klara vil jo eigentleg berre vere ute og leike!

Ein dag møter ho ein gut nede på kaien, Pelle. Dei blir raskt vener, og Pelle påstår at han kan hjelpe Klara med å få mora glad igjen. Han har ein genial plan, seier han. Men kvifor lyg Klara når Pelle er så snill? Kvifor klarer ho ikkje å fortelje heilt ærleg om korleis ting er?

Ni løgner og jakta på eit smil er ei morosam og hjartevarm forteljing om sorg og venskap, og om kor vanskeleg det kan vere å seie sanninga. Boka er illustrert av Tiril Valeur.

Marthe holien bø