Lesetips til vinterferien

Lesetips til vinterferien

Vinterferien er rett rundt hjørnet. Her finn du gode lesetips til store og små.
God lesnad!

 

For dei minste:  Bø og Bæ i vinden  

 Store og små elskar sauane Bø og Bæ - denne gongen skal dei køyre spark til butikken. Til butikken går det som eit lyn, men på heimvegen blir det snøstorm! Men som alltid ordnar det seg til slutt, utan at Bø og Bæ heilt veit korleis det har gått til. 

KJØP BOKA

 

3-6 år:  Polititjuven       

Kjell og Pølse-Per er bestevenner. Men nå har den nye jenta i klassen, politijenta Perit, stole Pølse-Per frå Kjell. Kan ein bestevenn stelast? Polititjuven er ein morosam, overraskande og smart biletbok som vil sjarmere store og små.  

KJØP BOKA

6-9 år:  Fiskebolleboks-raketten for alle barn som likar heilsprø bøker  

Nils og faren har eit byggeprosjekt litt utanom det vanlege. Dei skal lage ein rakett av fiskebolleboksar og vere dei første som reiser rundt månen i ein heimelaga rakett. Det er kanskje ikkje ein veldig god idé, eller? Det syns ikkje Nils, men han vil jo ikkje skuffe faren. Boka er perfekt for høgtlesing. 

KJØP BOKA

9-12 år:  Vulkanen vaknar. Til alle unge som vil ha tettpakka spenning  

I spenningsserien Overleve er verda heilt annleis. Byar har forsvunne, og menneska krigar om ressursane. For tenåringane Jamal og Eira er dette den nye røyndomen, og tross store skilnader og konfliktar mellom dei må dei i krisetid finne saman for å overleve. Vulkanen vaknar er første bok i Tor Arve Røssland si dystopiske serie Overleve 

KJØP BOKA

Ungdom:  Tusenfryd til ungdommen som vil ha ei stor leseoppleving i lite format 

 I Tusenfryd følgjer vi seks tenåringar som kjem til orde i kvar si novelle. Kvart novelle gir lesaren innblikk i livet til dei ulike personane og viser at det gøymer seg meir i ein person enn det vi ser. Forteljingane heng saman med kvarandre og dannar ei heilskapleg forteljing om relasjonane og liva til elevane, borna, tenåringane og menneska i ein klasse.   

KJØP BOKA

Roman:  Tre vegar til havet  

 Ei kvinne har vore gjennom ein lang adopsjonsprosess. I postkassa ligg eit brev som skal endre livet hennar. Ei kvinne går gjennom gatene med ein trillekoffert. Ho skal ta hemn. Ho skal slå tilbake mot Staten. I kofferten ligg ein død katt. Ei kvinne går lange turar langs havet med hunden sin. Når ho ikkje jobbar med å ringmerke fuglar, held ho seg mest for seg sjølv. 

Dei tre historiene flettar seg saman til ei sterk forteljing om raseri, galskap og flukt frå fortida.

I «Tre vegar til havet»skildrar Brit Bildøen avmakt i møte med byråkratiet og kva desperasjon kan gjere med eit menneske. Samstundes teiknar ho eit urovekkjande bilde av ei tid der fugleartar forsvinn i rasande fart, og der menneske kjenner seg åleine blant sine eigne. 

KJØP BOKA

Tre vegar til havet

Roman:  Lyden av to hender

«Velkomponert verk om talentfull musikar som viklar seg inn i mysterium frå fortida.» - Leif Tore Sædberg, Stavanger Aftenblad 

Lotte satsar alt på å bli ein dyktig konsertpianist. Men ho blir ikkje vald som solist til Vårkonserten i Wien, og verda hennar fell i grus. Midt i semesteret reiser ho heim til Noreg for å søke råd hos den gamle pianolæraren sin. Jákob var helten til Lotte då ho vaks opp, ein som stilte opp då hennar eigen far var opptatt med alt anna. Men det er noko som ikkje stemmer. Kvifor ville Jákob gi opp karrieren som konsertpianist for å bli pianolærar i Noreg? Kva var det som skjedde i Ungarn, som gjorde at han måtte flykte tidleg i tjueåra? 

 "Lyden av to hender" er ein roman om musikk, store draumar og skjebnesvangre val - og om støyen frå alt det vi ikkje snakkar om. Boka er Sunniva Relling Bergs første roman for vaksne.

KJØP BOKA

Sakprosa:  Med berre nevane

«Inspirerende brukslitteratur»  - Aftenposten

Vi menneske har alltid brukt hendene våre til å skape verda rundt oss. Heilt fram til no. I dag har vi gått frå å vera praktikarar til teoretikarar, frå å vere produsentar til konsumentar. Kva skjer med oss når vi ikkje lenger brukar hendene? Kva skjer med samfunnet?    

På vegen tilbake til sine eigne hender lét Siri Helle seg inspirere av andre menneske som på ulike måtar finn glede, meining og i nokre tilfelle levebrød i å skape med hender og kropp.  Dette er ei forteljing om praktisk arbeid og intens meistringsglede.

 KJØP BOKA

Roman:  Dei vaksnes løgnaktige liv

Ungjenta og einebarnet Giovanna får livet snudd på hovudet den dagen ho overhøyrer far sin, som ho elskar så høgt, seie at han synest ho er stygg. Denne vesle augneblinken er starten på den første av mange oppdagingar Giovanna gjer, som får grunnmuren i den trygge heimen til å smuldre.

Foreldra er ikkje dei ho trur dei er, og ho lærer på den harde måten kva det vil seie å vere vaksen. Elena Ferrante er ein av vår tids største forfattarar. Med Napoli-kvartetten gjekk ho tett på kvinners liv og vilkår i det 20. hundreåret og skildra vennskap på ein måte som manglar sidestykke i litteraturhistoria. 

I «Dei vaksnes løgnaktige liv» er handlinga lagd til eit middelklassemiljø i Napoli i 1990-åra. Ferrante legg opp til eit stort og tett familiedrama om oppvekst, identitet og klasse, om seksualitet, utruskap og kunsten å balansere sanning og løgn.

Dei vaksnes løgnaktige liv

Roman:  Ein lykkeleg slutt

Maren Uthaug fortel med grotesk humor om døden i alle slags fasettar - om epidemiar, nekrofili og spøkelse og om gravferdsritual og nyvinningar i bransjen. «Ein lykkeleg slutt» er ein fantasifull slektsroman som rommar 200 år med kulturhistorie om døden og minst sju kjærleikshistorier, og viser korleis nokon kan slå seg opp på andre si ulykke.

KJØP BOKA

Roman:  Ninkolai

Nina er ikkje lenger Nina, men er endå ikkje heilt blitt Nikolai. Tolv år gammal bur han på garden med besteforeldra Inger og Johannes. Mora har reist tilbake til byen dei to kom ifrå, utan Nikolai. Som ung vaksen flyttar han etter, mest for å finne fotfeste i seg sjølv, men kanskje også med eit håp om å finne mora. Saknet etter besteforeldra, særleg Johannes, dreg med seg glimt frå oppveksten på garden. Der andre tviheldt på Nina, var Johannes den einaste som ville sjå Nikolai. No er han blitt sjuk. Jo nærmare Nikolai kjem seg sjølv, dess meir svinn Johannes. Medan Inger strevar med saknet etter begge, og mor til Nikolai vaknar til live i gøymde minne, ventar kanskje kjærleiken på ein heilt (u)vanleg gut som heiter Nikolai. 

«Ninkolai» er ein roman om kjønnsidentitet, avvising og kjærleik, om å miste - og finne - sine nære i leiten etter seg sjølv.