Fjorten år og sju bøker - no set forfattar og illustratør Kari Stai eit endeleg punktum for historia om radarparet Jakob og Neikob. Vi har tatt ein prat med Stai om korleis det heile starta og om det som har blitt ein moderne bildebokklassikar.
Hei, Kari! Jakob og Neikob – for ei fantastisk reise det har vore! Kan du fortelje litt om korleis ideen om Jakob og Neikob kom til?
Sjølv har eg alltid vore meir tvilande og har brukt lang tid på å tenke meg om. Så det var artig å lage dei fordi dei er så langt ute begge to. Det var artig å finne ut korleis eg kunne bruke to motsetningar, men samtidig gjere dei like. Det vart ei drivkraft for meg å finne ei form og eit innhald som samla det som var ulikt hos dei to karakterane, til noko som likna på ei eining. Men det var altså ein verbal idé som låg til grunn, og så byrja eg å teikne. Då måtte eg også tenke motsetningar i form, og då vart det raudt og blått, som også er ein varm-kald-kontrast. Men det var leiken med språk som var primær, så eg måtte sjå kva eg kunne få til i spennet mellom ja og nei, både som ordtvist og som språkleg leik. Det visuelle kom etter kvart. Så kom det meir klassiske eventyrgrepet inn, at dei er ute på tur og møter utfordringar og problem. Den eine får dei inn i problem og konflikt, og den andre får dei ut! Etter kvart har eg tenkt på dei meir om meir som krefter som er i kvart enkelt menneske, det som tar oss med ut, og det som tar oss med heim.
Det er fascinerande å sjå tilbake på då denne suksessen byrja. Den første boka kom i 2008. No har det gått fjorten år, og det har komme heile sju bøker om radarparet. Det tok cirka eit år frå togreisa di til boka om Jakob og Neikob var ein realitet?
Ja, i den første boka visste eg tidleg kva som skulle skje, og historia var på plass, men eg brukte ein del tid på å finne det visuelle språket. For det tok jo naturlegvis meir tid med første boka enn med dei seinare bøkene. Men eg ser jo no når bøkene ligg på rekke ved sida av kvarandre, at det visuelle likevel har forandra seg litt. Eg henger meg opp i detaljar, særleg når det gjeld proporsjonar. Jakob og Neikob-«formelen» er mykje enklare for meg no enn i starten. Berre det å få ansikta gode! Eg jobbar jo manuelt i utgangspunktet, med teikninga, og så jobbar eg digitalt med fargelegginga, men med to rundingar til auge og ein strek til munn er det ikkje alltid enkelt å få dei til å likne på seg sjølv! Det må vere proporsjonalt riktig for at dei skal bli seg sjølv: rett avstand mellom auga, rett avstand til hovudplagget. Det er så lite som skal til for at dei ikkje liknar, det er kanskje berre små bagatellar, men det er slikt som tar mykje tid. Eg har halde på same teikneteknikken heile tida.
Om eg teikna ein perfekt sirkel til auge i Illustrator, ville det på ein måte bli «dødt». Men i peikebøkene Mopp og Mikko fungerer det. Det er mange som er flinke til å teikne slik, t.d. Ragnar Aalbu, som er ein meister til å jobbe heildigitalt og få det veldig livleg. Dette er sjølvsagt litt visuelt nerdeprat! Eg vil ha det stramt, men ikkje stivt. Men eg har faktisk lagt på litt gradientar i fargane i Stormen og denne siste boka – det sat langt inne! Det kunne eg aldri ha gjort i dei første bøkene. I Jakob og Neikob og Stormen har eg leika meg med ein skikkeleg kitschy sjattering på himmelen, så eg har nok utvikla meg likevel! Ha-ha! Det er jo noko med det å bryte opp litt, og i Stormen gjorde eg det heilt bevisst, der har eg til og med teikna Jakob og Neikob frå andre vinklar enn tidlegare. Tidlegare har eg berre teikna dei framanfrå eller frå sida og ønskt at dei skulle vere veldig todimensjonale, men i Stormen er det ein scene der dei er oppe i himmelen og ser ned på jorda og alt søppelet, og då måtte eg løyse dei opp og gjere dei meir menneskelege. Eg trur kanskje at eg hadde ein idé om at krisa Jakob og Neikob opplever, då ville kjennast nærmare for lesarane. Slik vi kjenner det frå Skrik av Munch, utan å dra den samanlikninga for langt. Kjensla av noko akutt.
Var det alltid planen at dei skulle vere vaksne? For dei er vel vaksne, med slips og tversoversløyfe og hatt?
Ja, dei er vaksne. Og dei har alltid vore vaksne. Det er eit godt spørsmål, for dette er jo barnebøker utan eit einaste barn! Og det tenkte ikkje eg over før for eit par–tre år sidan. Eg har på ein måte tenkt på dei som karakterar og representantar for Ja-et og Nei-et, men dei er jo vaksne. Litt galante, rare menn. På ein måte er dei alderslause, men dei køyrer jo bil. Og dei leikar ikkje. Dei lever eigentleg eit ganske stivt liv, når eg tenker meg om. Men då eg høyrde at faren til Albert Åberg er 37, tenkte eg: «Ja, dei er 37!»
Det er fort gjort å redusere Neikob til ein sur og tverr pessimist fordi han er motsatsen til Jakob. Kjenner du på at du ofte må ta han i forsvar?
Ja, det har eg tenkt mykje på. Eg har ei kjensle av at eg har ein ubevisst visjon om at eg har lyst til å gjere dei likeverdige. Nettopp fordi vi alle har desse motsetningane i oss, både det lette og det tunge. Dei er på mange måtar ein dualitet, og det er vel derfor eg har halde på med desse to i så mange år, fordi det er så mange ting som eg har oppdaga undervegs som har fascinert meg. Eg trur jo ingen går rundt og berre er glad eller berre trist. Eg håper at Jakob og Neikob kan opplevast som ein heilskap, og at barn som les bøkene, får reflektere over at ytterpunkta hos Jakob og Neikob er sider av eitt og same liv, og at det er normalt. Mennesket er i konstant veksling, det er ikkje slik at alt er skummelt heile tida, eller at alt er fint heile tida. Vi har nok alle ein karakter i botnen som går meir i retning av Jakob eller Neikob, men eg ønsker å ufarleggjere det at vi har både lys og mørke i oss. Dei blir jo så ekstreme ytterpunkt, så det er kanskje det som skapar humoren. Mange liker nok automatisk Jakob best, men samtidig er han jo ganske naiv og godtruande. Kanskje han er litt grunn, til og med. Neikob er ein som reflekterer meir og tenker seg grundig om. Fordi vi har eit par, vil vi automatiske samanlikne dei, og det er jo litt dumt. Vi burde omfamne heile mennesket. I ein klasse eller ei gruppe med ungar vil det jo alltid vere store forskjellar.
To år seinare kjem Tjuven slår tilbake, som du fekk Brageprisen og Kritikarprisen for. Eg kan framleis bli gledeleg overraska når eg les denne boka , det er så mange overraskingar her, og eg kjenner nesten at eg blir tatt på senga av kor oppfinnsam og overraskande ho er!
Å, takk! No som siste boka kjem, byrjar ein å tenke over det som har vore. Den første boka (Jakob og Neikob) var litt absurd og morosam, meir språkleg leik, medan Tjuven slår tilbake er krim-boka. Tredje boka, Det tomme rommet, kjenner eg som juleboka, og den fjerde (Naboen) er den politiske boka. Femte boka, Alle Andre, er kanskje filosofi-psykologi-boka og Stormen klimaboka. Denne siste håper eg er litt meir tilbake til start, at ringen blir slutta. Meir av det filosofiske og som ein livssyklus. Men folk likte Tjuven i første boka, så eg måtte skrive han inn i dei andre bøkene også.
"Jo fleire år eg har jobba med dei, jo meir verkelege har dei blitt for meg. Dei er to karakterar eg er blitt godt kjend med og blitt glad i. Men no får dei klare seg sjølv."
Når du ser tilbake på alle bøkene, er det ei du held særskilt høgt?
Eg er veldig glad i første boka, då. Det er ei kraft i ho, og ho er upolert. Det er ein uting at når ein blir eldre og får meir kunnskap, så forsvinn mykje av det leikne og absurde. Eg liker språket veldig godt i Jakob og Neikob. At alt etterpå er blitt litt meir strigla. Eg liker det litt hjelpelause og den absurde logikken. Absurd kan høyrast uforpliktande ut, men eg liker når det lykkast i det absurde.
Det er ikkje berre i bokform Jakob og Neikob har gjort suksess. Dei har òg blitt spelte på scenen. Kan du fortelje litt om korleis det har vore?
Ja, det har vore litt forskjellig. Veldig fine opplevingar, alt saman! Eg har skrive eit stykke sjølv, Jakob og Neikob og den mystiske pakken frå 2012, for det som den gong heitte Nord-Trøndelag teater. Tredje boka, Det tomme rommet, vart til som ein bieffekt av dette stykket. Så har det vore sett opp to førestillingar på Det Norske Teatret, først med Paul Ottar Haga som regissør på Jakob og Neikob i 2017, og så Jakob og Neikob og Alle Andre i 2020, med regi av Ingrid Weme Nilsen og nyskriven musikk av Øyvind Osmo Eriksen. Det var veldig stas då DNT skulle ha første framsyninga etter å ha vore stengt under pandemien, at dei valde å la eit barneteaterstykke starte «ballet» att, med Jakob og Neikob og Alle Andre.
Dessutan har Turneteatret hausten 2021 hatt ei heilt fantastisk fin oppsetting av Jakob og Neikob og Alle Andre, med Morten Røsrud som regissør. Vi hadde eit så godt samarbeid, Røsrud gjekk litt vidare i universet og tematikken. Til dømes vart Jakob og Neikob spelte av kvinner. Kjønn er jo heilt irrelevant i bøkene, så det var fint å sjå korleis det vart behandla på scenen utan at det vart styrande for handlinga. Elles vart temaet framandfrykt så fint utforska i denne oppsettinga. Og Røsrud held på spenninga heilt til det siste. Oppsettinga fekk ordentleg gode kritikkar i Adresseavisa og Klassekampen, det var veldig gøy! Det er verkeleg fint å sjå korleis Jakob og Neikob som elles, på grunn av formspråket, er todimensjonale, får tilført ein heilt ny dimensjon når dei kjem på scenen, og at regissøren kan tilføre universet noko nytt og større, noko meir.
Vi skal ikkje avsløre for mykje av handlinga frå Tidsmaskinen, men det er jo ei bok som høver spesielt godt etter snart to år i ei tidsboble, som pandemien har vore for mange.
Ja, eg håper og trur det. Ho har absolutt vore utløyst av denne erfaringa.
Er denne boka eit farvel til Jakob og Neikob?
Eg blir så trist når du seier farvel. Det er vel meir «god tur vidare!». Men det kjennest naturleg å avslutte no. Eg har utforska det eg ville utforske med Jakob og Neikob. Det er nok riktig å gi seg no. Men eg håper jo at dei vil leve vidare! At eg har laga nok historier til at dei kan klare seg berre ved å finnast der ute. Det handlar kanskje litt om den kunstnariske integriteten min, at eg har gjort det eg skulle med desse to karakterane. Men viss eg får ein vanvitig god idé til ei historie om Masekob eller andre, så har eg lov til det!
Essensen av det eg har lært av dette prosjektet, tar eg med meg vidare, men eg veit jo ikkje i dag kva det kan føre til. Alt er opent, og eg har lyst til å opne opp vegen vidare. Eg har opplevd så mykje fint med Jakob og Neikob, så no har eg lyst til å gå ein litt annan veg. Jo fleire år eg har jobba med dei, jo meir verkelege har dei blitt for meg. Dei er to karakterar eg er blitt godt kjend med og blitt glad i. Men no får dei klare seg sjølv. Eg blir jo rørt når eg ser at barn bruker dei i leiken; dei er modellar for dorullnisssar i barnehagen og blir brukte i samtaler. Det er fint! Eg kan ikkje ønske meg noko meir. Dei har fått bety så mykje for så mange, både vaksne og barn. Berre det at det er så mange som har fått arbeid fordi bøkene finst: skodespelarar, regissørar, musikarar. Det er givande!
Eg ser for meg at du har ein Jakob og Neikob på kvar skulder, litt som når Donald Duck har ein engel og ein djevel på kvar skulder.
Ha-ha, ja, men eg har nok det. Eg har i mange år jakta på Tjakob, hen som jaktar på kanskje. Men eg får ikkje historia til å sitte. Skisseboka er full av skisser av denne Tjakob, men hen blir for vag. Eg er nok meir Tjakob sjølv. Livet er ei komplisert sak, vi må ta val heile tida. Det er ikkje ukomplisert å ta val! For ungar kan det vere slitsamt å måtte velje heile tida. Nokre val er sjølvsagt viktigare enn andre, men når ein har tatt eit val, er det ikkje mogleg å ta eit «omval», men ein kan heile tida ta nye val. Heldigvis.
Dette med tida i den nye boka, det var eit fint tema å avslutte med. Tid er ein fin ting å problematisere. Det var nokon som på spørsmålet «kva er kunst, og kva er bra kunst?» svarte at god kunst må problematisere. Ja, kva elles? Med denne boka ville eg problematisere dette med tid, fordi det var som du sa, som å leve i ei boble under denne pandemien. På ein måte har tida stått i ro, og det kan jo vere ein draumesituasjon på mange vis, å få ro til å gjere det ein skal. Men det kan vere pluss og minus. Det er viktig å ha draumar og ønske for livet, men den opplevinga av stillstand som mange har kjent på no, kan vere vanskeleg. Men det har gitt meg tid til å jobbe med dette, då, så sånn sett har det vore ein gåvepakke å få skrive om tid. Jakob og Neikob har sove altfor lenge, og i den absurde verda dei lever i, må dei leite etter tida. Er tida noko som går eller kjem? Det var lett og takknemleg å jobbe med dette sett gjennom auga og logikken til Jakob og Neikob. Men sidan dei har sove i ti år, har dei sove nok, så dei har på ein måte ikkje mista noko tid, dei treng jo ikkje bruke framtida si på å sove no! Eg vil ikkje avsløre noko, men det er ein open slutt.
Kari Stai: Jakob og Neikob og tidsmaskinen
Siste bok om radarparet!
Bestevennene Jakob og Neikob legg seg for å sove etter ein lang og travel dag. No vil dei skunde seg å slappe av. Da dei endeleg vaknar, oppdagar dei at dei har sove i ti år. Men kor har tida blitt av?
Kan Tjuven ha stole tida? Kan dei kjøpe tida hos Somlekob i kiosken, han som alltid har all verdas tid+ Eller kan ein tidsmaskin vere redninga?
Jakob og Neikob og tidsmaskinen er den sjuande boka om radarparet Jakob og Neikob. Serien har fått eit klassikarstempel, og bøkene er omsette til fleire språk.
Kari Stai (f.1974) er ein prisvinnande forfattar og illustratør. Ho har vunne både Brageprisen, Kritikarprisen og Kulturdepartementets debutantpris for bøkene sine om Jakob og Neikob.