Påskelesnad for barn og ungdom
Kanskje finst det ei leseoppleving i påskeegget i år? Her er åtte tips til påskelesnad for barn og ungdom.
Kari Stai
Jakob og Neikob og tidsmaskinen
3-6 år
Bestevennene Jakob og Neikob legg seg for å sove etter ein lang og travel dag. No vil dei skunde seg å slappe av. Da dei endeleg vaknar, oppdagar dei at dei har sove i ti år. Men kor har tida blitt av? Kan Tjuven ha stole tida? Kan dei kjøpe tida hos Somlekob i kiosken, han som alltid har all verdas tid? Eller kan ein tidsmaskin vere redninga?
Jakob og Neikob og tidsmaskinen er den sjuande boka om radarparet Jakob og Neikob. Serien har fått eit klassikarstempel, og bøkene er omsette til fleire språk.
Marianne Gretteberg Engedal
Polititjuven
3-6 år
Terningkast 6! «Gode bildebøker er de som makter å gå opp i en høyere enhet, med bilder og tekst som gjensidig beriker og belyser hverandre. Marianne Gretteberg Engedals Polititjuven er en slik bok [...]» - Barnebokkritikk
Kjell er fødd inn i ein tjuvefamilie, men er ikkje tjuv lenger. Det er ingen i verda Kjell likar så godt som Pølse-Per og det er ingenting i verda Pølse-Per likar så godt som pølser. Men rett før skulen skal på overnattingstur i skogen, flyttar det ein politifamilie til byen. Politijenta Perit skal bli med på klasseturen. Og for Kjell endrar alt seg når Perit blir ein polititjuv: Ho stel bestevennen Pølse-Per.
Ida Eva Neverdahl
Sjå på Bård!
6-9 år
Amika vil helst berre vere ute og rulle på brettet heile dagen. Han synest i alle fall det er veldig kjedeleg å gå tur med hunden sin, Bård. Men ein dag oppdagar han at Bård kan noko veldig spesielt!
«Sjå på Bård!» er ein del av Samlagets Leseland, ein bokserie for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Les meir om Leseland og dei ulike lesenivåa her.
Ida Eva Neverdahl
Floke 2: Inn i skrømtskogen
6-9 år
«Streken til Neverdahl er naiv, sprelsk og levande, og det same er forteljarstilen hennar.» - Nynorskbok
Floke er ein annleis vikinghelt, ein fredeleg fyr i ei vill vikingverd. No har han fått eit viktig oppdrag: Han skal redde verda frå ragnarok. Men for å gjere det, må Floke legge ut på ei lang reise. Den kronglete ferda gjennom skrømtskogen og over trollfjella fører han til sjølvaste Jotunheimen, staden kor gudanes svorne fiendar, jotnane, held til. Men kjem han til å klare å redde verda frå den totale undergang, tru?
Rune F. Hjemås
Ein bror i verdsrommet
9-12 år
«Treffer blink i skildringen av halvstore barns fantasiverden» - Adresseavisen
Elias gler seg til at storebroren Mats skal kome heim på permisjon frå sjukehuset. Men det blir ikkje heilt som Elias har tenkt seg. Mats er tynn og slapp og orkar ikkje å gjere noko av det Elias har planlagt. Snart må han reise tilbake til sjukehuset, og Elias får ei vond kjensle i magen. Kva om storebroren ikkje blir frisk igjen? Samstundes oppdagar Elias ein rar pipelyd frå dei gamle radioane på rommet sitt. Kan det ha ein samanheng med det underleg raude lyset frå vindauget til nabo Edvardsen? Saman med vennene Mina, Mu og Olivia prøver han å finne ut av mysteriet.
Tor Arve Røssland
Overleve: Vulkanen vaknar
9-12 år
Om få år er verda heilt forandra. Byar og land har forsvunne under havet som stig. Millionar av menneske er drivne på flukt frå kysten. Andre flyktar frå brennande varme. Nokre frå krig. Forskingsskipet Bluenose skal leite etter fisk og andre livsviktige matkjelder i Atlanterhavet. Saman med mannskapet og forskarar er dei norske trettenåringane Jamal og Eira om bord. Begge har fedrar som jobbar på skipet. Jamal er verkeleg interessert i oppdraget, medan Eira er med mot sin vilje. Men så hamnar skipet midt i ei brutal krigssone. Jamal og Eira forstår at dei små kranglane dei har, blir uviktige i møte med eit stormfullt hav, menn med maskingevær og vulkanen som vaknar.
Therese Garshol Syversen
Sting
12-16 år
16 år gamle Emma vaknar på sjukehus med eit skotsår i magen. Kva som har hendt, hugsar ho ikkje heilt, men dei seier at det er faren som har skote ho. Som einaste overlevande etter ein familietragedie må Emma flytte til mormora si langt ute på landet. Der bur også Hannes, naboguten som har fotografering som hobby og gjerne vil bli venn med Emma.
Psykologen Beate seier at Emma ikkje kan kome seg vidare før ho hugsar kva som har skjedd.
Men Emma kan ikkje hugse, vil ikkje hugse.
Lars Mæhle
Tusenfryd
12-16 år
Ein tettstad. Ein klasse. Seks elevar. Kaleb rømmer med den kreftsjuke veslesøstera si for at ho skal få køyre karusell på Tusenfryd før ho døyr. Fred ønskjer å finne ein stad der han kan vere i fred frå Adrian, plageånda i klassen. Sjølv vil Adrian berre vere langt unna far sin. Tonje stammar og tør ikkje seie noko i timen. Tobias kjem flyttande frå byen fordi far hans meiner det kan gi familien ein ny start. Tobias blir naboen til Kaja, som alltid får hovudrollene i klassen sine teaterstykke - bortsett frå dette året, då alt blir snudd opp ned.