Verdshistorie slik ingen før har skrive - les utdrag frå Ottar Grepstad si nye bok

Ottar Grepstad er aktuell med boka 1900-talet. Forteljingar frå eit hundreår. Boka byd på over åtti historier om folk som har forma vår tid. Forteljingane tek til i nærmare femti land og rommar scener frå mange fleire. I grenselaus forteljeglede tek forfattaren lesaren med dit det skjedde. Forteljingane er ordna etter klokkesletta då dei skjedde. Det opnar ein ny inngang til verdshistoria, og alt ordnar seg ikkje til slutt.

Utdraget de får lese her er «Ansiktet som forsvann» - forteljinga om den tragiske bilulukka i Paris der Diana, prinsessa av Wales mista livet på slutten av 90-talet.  Eller for å vere meir presis: søndag 31.august i 1997, klokka 00.23. 

Ansiktet som forsvann

Frankrike 00.23 / 22.23 
Søndag 31. august 1997 / 30. august 

Henri Paul køyrer altfor fort. Ved rattet i Mercedesen, modell S 280, rasar han nedover Cours Albert 1er i Paris med tre passasjerar. Bak følgjer noko slikt som 30 paparazzi på motorsyklar; dei har følgt bilen like frå Hotel Ritz. På veg ned i tunnelen ved Pont de l’Alma mistar den rusa sjåføren kontroll over bilen. Han bremsar kraftig, men i 105 km/t smell Mercedesen inn i veggen på høgre sida, blir kasta mot venstre og inn i ei søyle. Ingen av passasjerane har teke på seg tryggingsbelta. 

Sjåføren og Dodi Fayed blir drepne på staden, livvakta Trevor Rees-Jones kjem frå det med alvorlege skadar, den fjerde passasjeren er medviten og døyande. Rundt bilvraket samlar dei seg, fotografane som har følgt etter. Nokre hjelper til, andre fotograferer, fleire av dei gjennom den opne bildøra. «La meg vere, la meg vere», seier prinsesse Diana. 

Få minutt etter er politi og ambulanse på plass. «Herregud, kva var det som hende?» spør Diana brannmannen Xavier Gourmelon som tek hand om henne. Det tek tid å berge henne ut av vraket. Først kl. 02.06 blir ho rulla inn på Hôpital de la Pitié-Salpêtrière. Diana, Princess of Wales døyr kl. 04.00. Den britiske ambassadøren blir informert 04.50, og dødsfallet blir offisielt kunngjort kl. 05.45. 

I London vekkjer hennar fråskilde ektemann prins Charles sønene William (15) og Harry (12) og fortel at mor er død. Saman med dei to eldre søstrene til Diana kjem han til sjukehuset i Paris kl. 17.40. Flyet med båra og prins Charles landar i London om lag kl. 19.00 lokal tid. 

Sorgreaksjonen er både overveldande og global. Diana har fått ein posisjon som kryssar mange fleire grenser enn dei som markerer England, Storbritannia, Samveldet, kongevenlege. Kvinna med det sårbare blikket har vunne posisjonen som ei som søkjer det liberale og (varsame) sosiale endringar. Som dagane går, skriv 740 000 seg inn i kondolanseprotokollen, og utanfor Buckingham Palace fyllest eit blomehav. Men flagget vaiar på heil stong. Mange dagar går det også før det britiske kongehuset tek innover seg korleis situasjonen må handterast, myndig hjelpt av statsminister Tony Blair. Først på jordferdsdagen blir flagget firt til halv stong.

 Kongedøme var lenge den vanlegaste statsforma i Europa, men jamt fleire statar gjekk over til republikk. Utover på 2000-talet er berre eit dusin statar monarki. Knapt nokon stad står styreforma sterkare enn i Storbritannia. I all si avmakt tilfører nok Lady Di eit nymåla strøk av modernisering, og kanskje er det hennar død som tvingar fram den oppussinga som må til. 

Diana, Princess of Wales (Foto: John Mathew Smith)

Laurdag 6. september følgjer om lag tre millionar Dianas båre på ferda gjennom London til Westminster Abbey og vidare til Althorp, heimen til familien hennar. I kista ligg ein rosenkrans som Diana fekk i juni av Mor Teresa; ho døydde dagen før jordferda. I kyrkja syng Elton John «Goodbye, England’s rose», ein ny tekst til «Candle in the wind», skriven for ei anna superstjerne, Marilyn Monroe. Fjernsynssendinga går på 44 språk i 200 land, og kanskje følgjer 2,5 milliardar denne jordferda. 

På veg ut av kyrkja stoppar båreberarane for eit stille minutt. Dei som følgjer sendinga på tv, ser eit velkjent portrett av prinsesse Diana som tv-produsenten har lagt inn. 

Det ovale biletet blir feida sakte ut. Då ansiktet er borte, blir båra ført vidare ut. Dei biletsekunda er og blir noko av det enklaste og mest elegante som er gjort ved slike høve. 

Likevel, det er dei andre bileta som blir hugsa, dei mange som blei tekne på hi sida av den etiske grensa ved bilvraket, dei få som blei sett. 

Det gjaldt å vere kjend. «Vi er meir kjende enn Jesus no», sa John Lennon i eit intervju med London Evening Standard våren 1966. «I framtida vil alle vere verdskjende i 15 minutt», skreiv den amerikanske kunstnaren Andy Warhol i forordet til ein utstillingskatalog i Stockholm to år etter. 

Persondyrking har vore ein del av politikken like frå antikken. Med romantikken frå 1800-talet følgde ikkje berre beundringa av geniet, men også fascinasjonen for kunstnarlivet. Avisene laga sladrespalter, filmindustrien dyrka sine filmstjerner, fjernsynsbransjen og resten av kulturindustrien gjorde celebritetar til ei sosial gruppe, dei kongelege var der alt, likeins rikfolket og idrettsmeistrane. Biletmagasin som Life og tabloidaviser somThe Sun skreiv om både dei som hadde gjort noko spektakulært, og dei som var kjende for å vere kjende, i bokhandlane hopa kjendisbiografiar seg opp lenge før det meste handla om nettverksbygging i digitale ekkokammer. 

Overskriftene kravde bilete, og i andre halvdel av 1900-talet tok populærpressa inn ein type foto som til då var lite utbreidd. To tyske fotografar kom seg i 1898 inn til liket av kanslar Otto von Bismarck og var i ferd med å selje biletet for 30 000 Reichsmark då sonen til Bismarck fekk stoppa det heile. Den grensa som no var opna, blei aldri heilt stengd att. 

Profilerte personar, mest frå kulturindustrien, blir snikfotograferte i private høve og viskar ut skilje mellom det private og det offentlege. Den såkalla tabloidpressa blandar sensasjonar, kriminalhistorier, kjendisstoff og populærkultur og bruker foto av celebritetar av alle slag og pussige kvardagssituasjonar sideomside med foto av triumfar og tragediar for folk flest. 

Fenomenet får sitt namn etter fotografen Paparazzo i filmen La Dolce Vita av Federico Fellini frå 1960. Det skal vere eit dialektord for ein særs irriterande lyd, lik summinga frå mygg, og for lyden frå lukkaren på kamera. Lenge tek paparazzi seg til rette, og den allmenne oppfatninga av deira funksjon endrar seg etter natta i Paris. 

Vimoraross tildøde, skreivdenamerikanskemedievitaren Neil Postman i 1985. I populærpressa kunne det passere som ein spådom med ropeteikn om det som ventar dei to der dei skundar seg ut frå Hotel Ritz, nokre sekund utan å bli oppdaga, brått til morbid tonefølgje frå paparazzi.

Ottar Grepstad: 1900-talet. Forteljingar frå eit hundreår

Verdshistorie slik ingen før har skrive

Kl. 01.47 ringjer nattevakta på eit hotell i Washington D.C. til politiet. Det får nestkommanderande W. Mark Felt i FBI til å gjere noko han avslører 33 år seinare.

På høglys dag går to maskerte menn inn på ein skulebuss i Mingora. «Kven er Malala?» spør dei.

Kl. 14.30 har Paul McCartney studiotid i London for å spele inn «Blackbird». Etter 32 opptak gir han seg ved midnatt.

Dette er ei lesebok om eit felles døgn, og eit felles århundre. Slik ingen før har skrive det.