InnbundenFleire format

Generell litteratur

1900-talet: forteljingar frå eit hundreår

Verdshistorie slik ingen før har skrive. Klokka 01:47 ringjer nattevakta på eit hotell i Washington DC til politiet. Det får nestkommanderande W. Mark Felt i FBI til å gjere noko han avslører 33 år seinare. På høglys dag går to maskerte menn inn på ein skulebuss i Mingora. «Kven er Malala?» spør dei. Kl. 14.30 har Paul McCartney studiotid i London for å spele inn «Blackbird». Etter 32 opptak gir han seg ved midnatt. «1900-talet» byd på over åtti historier om folk som har forma vår tid. Forteljingane tek til i nærmare femti land og rommar scener frå mange fleire. Der dukkar dei opp, politikarar og forfattarar, offiserar og musikarar, side om side med legar og romfararar, forskarar og vaktmeistrar. I grenselaus forteljeglede tek forfattaren lesaren med dit det skjedde. Forteljingane er ordna etter klokkesletta då dei skjedde. Det opnar ein ny inngang til verdshistoria, og alt ordnar seg ikkje til slutt. Dette er ei lesebok om eit felles døgn, og eit felles århundre. Slik ingen før har skrive det.
449,00 kr
Sider
444
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234001925
Ottar Grepstad
Om forfattaren

Ottar Grepstad

Ottar Grepstad (f. 1953) er forfattar, språk- og litteraturvitar med over førti bøker bak seg. I 2013 kom den kritikarroste Historia om Ivar Aasen og Språksansen. Kalender om all verdas språk. Grepstad har hatt ei rad roller i norsk kulturliv og var i 19 år direktør for Nynorsk kultursentrum. Han fekk Norsk språkpris 1999 for Det litterære skattkammer. I 2018 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden.