«Jeg fatter ikke at vi kunne gjøre noe så dumt. Det er jo å gi alle argumentene til motparten. Den som har tent det første bokbålet, er for alltid skjendet.» Ole Paus
I Europa har bøker brunne i minst 800 år. Makthavarar og opprørarar har brent skrifter for å fjerne tru og meiningar, kunnskap og kultur.
I «Brent ord» avslører forfattaren at det brann fleire bokbål mot språk i Noreg enn i noko anna vestleg land i fredstid på 1900-talet. Dei som meinte dei representerte fleirtalet, brukte fysisk og symbolsk vald mot språk dei ville utrydde eller ikkje ha noko med å gjere. Bøker på nynorsk og samnorsk blei brende, hengde, drukna og jordfesta av di dei var skrivne på feil språk.
Brennarane var unge menneske med den høgaste allmennutdanninga i landet. No kjem dei til orde. Dei som meiner at dei fekk rett til slutt. Dei som tvilte då dei tende på. Ho som nekta å vere med. Han som bed om orsaking. Politiske miljø leika med elden og skapte eit meiningsklima som gjorde det lett å tenne på.
Forfattaren går tett på båla som brann, dei som tende fyrstikkene, og kva båla førte til. Etter «Brent ord» er ikkje norsk kulturhistorie om vår nære fortid det den var.
Sitat frå melding
["\u00abOttar Grepstad [...] har samlet en imponerende mengde dokumentasjon om hendelser som n\u00e5 vekker unisont ubehag, og som de fleste helst vil glemme.\u00bb<\/span> - Arne Dvergsdal, Dagbladet <\/span>","\u00abBest er boken n\u00e5r Grepstad plasserer sine funn inn i den aktuelle sammenhengen og tegner et bredere bilde av spr\u00e5kdebatten, spesielt p\u00e5 1950-tallet, da den var p\u00e5 sitt mestlidenskapelige. Det g\u00e5r faktisk an \u00e5 savne det sterke engasjementet for b\u00e5de riksm\u00e5l og nynorsk n\u00e5 n\u00e5r engelsk trenger seg inn p\u00e5 stadig flere arenaer.\u00bb<\/span> - Sven Egli Omdal, Bergens Tidende <\/span>"]
Bla-i-boka
Ottar Grepstad
Ottar Grepstad (f. 1953) er forfattar, språk- og litteraturvitar med over førti bøker bak seg. I 2013 kom den kritikarroste Historia om Ivar Aasen og Språksansen. Kalender om all verdas språk. Grepstad har hatt ei rad roller i norsk kulturliv og var i 19 år direktør for Nynorsk kultursentrum. Han fekk Norsk språkpris 1999 for Det litterære skattkammer. I 2018 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO