InnbundenFleire format

Generell litteratur

Språksansen: kalender om all verdas språk

Kva skjedde i all verdas språk nett i dag? Kven har sagt noko lurt om språk og litteratur som du kan bruke på bloggen, i lunsjpausen eller i talen? Denne språkkalenderen har svar for alle dagar året gjennom.

Kvar dag har ei forteljing frå språkhistoria verda rundt, opplysningar om ein forfattar som blei fødd eller døydde, og eit ord for dagen om språk. Det heile er lagt til rette med overblikk og språkglede, sans for detaljar og glimt i auga.

Forteljingane rommar 5000 år og nærmare 300 språk. Som dagane går tek eit fargerikt bilete form, av språk som blir til og vinn posisjonar, endrar seg og tek uventa vendingar.

Språksansen er ei overraskande, lærerik og underhaldande bok for fleire enn den språkinteresserte.
429,00 kr
Ottar Grepstad
Om forfattaren

Ottar Grepstad

Ottar Grepstad (f. 1953) er forfattar, språk- og litteraturvitar med over førti bøker bak seg. I 2013 kom den kritikarroste Historia om Ivar Aasen og Språksansen. Kalender om all verdas språk. Grepstad har hatt ei rad roller i norsk kulturliv og var i 19 år direktør for Nynorsk kultursentrum. Han fekk Norsk språkpris 1999 for Det litterære skattkammer. I 2018 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden.