Det nynorske blikket
InnbundenFleire format

Generell litteratur

Det nynorske blikket

I denne essaysamlinga er Grepstad på jakt etter det som gjer nynorsk til meir enn eit språk. Han syner kva styrke som ligg i nynorskbrukarens identitetar innafor den språkkløyvde norske kulturen. Han kjem med glimt frå barndom og oppvekst, ser med skråblikk på og framhevar slikt som andre ikkje har lagt merke til. Han nyanserer og fornyar også biletet av fleire profilerte nynorskbrukarar, t.d. Arne Garborg, Peder Hovdan og Berge Furre. Har litteraturliste og namneregister.
343,00 kr
Sider
575
Utgivingsår
2002
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252160369
Ottar Grepstad
Om forfattaren

Ottar Grepstad

Ottar Grepstad (f. 1953) er forfattar, språk- og litteraturvitar med over førti bøker bak seg. I 2013 kom den kritikarroste Historia om Ivar Aasen og Språksansen. Kalender om all verdas språk. Grepstad har hatt ei rad roller i norsk kulturliv og var i 19 år direktør for Nynorsk kultursentrum. Han fekk Norsk språkpris 1999 for Det litterære skattkammer. I 2018 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden.